Nyhet -

Førdefestivalen arrangerer dagsturhyttekonsertar

Sju månadar har snart gått sidan Covid-19 festa grepet om dei sosiale liva våre og endra kvardagen for oss alle. Som så mange andre festivalar, vart Førdefestivalen avlyst, og vi måtte sjå langt etter internasjonal festivalstemning. -Det er så spesielt som det kan bli det vi opplever no, men vi i Førdefestivalen vil iallfall gjere vårt for å tilby gode og trygge musikkopplevingar for små og store i haust, fortel direktør Per Idar Almås. -Faktisk har festivalen det største haustprogrammet nokon sinne akkurat i år.

22.-24. september inviterer Førdefestivalen og Barnas Turlag til gratiskonsertar ved tre av dei flotte dagsturhyttene i fylket vårt: Gytta i Førde, Stedjestova i Sogndal og Draumekvila på Sandane. -Samarbeidet med Barnas Turlag er ikkje av ny dato, men det er første gong vi samarbeider utanom sjølve festivalen i juli, seier Almås. Og det er også første gong vi arrangerer konsertar på dagsturhyttene.

Multimusikar Stein Villa lagar stemning med sine mange instrument, songar og stubbar på dagsturhyttene i Førde, Sogndal og på Sandane.

-Til dagsturhyttekonsertane går vi saman med dei lokale turlaga frå parkeringsplassane til hyttene, der det blir ein halvtimes utekonsert med multimusikaran Stein Villa, held Almås fram. Villa er ein veletablert og røynd musikar og formidlar. Han spelar alt frå harpe til sjølvlaga fløyter, og til desse konsertane har han med seg eit knippe småinstrument som har tilknyting til gamalt seterliv. I tillegg auser han av sitt store repertoar av songar og stubbar. Vi håpar dette skal bli fine ‘ut på tur-opplevingar’ i septemberskumringa for små og store. Som ansvarleg arrangør følgjer vi smittevernreglane som gjeld, og kjem til å registrere publikum før avgang til hyttene. Dei som eventuelt kjem direkte til hyttene, vil bli registrerte der. 

Her er lenkjer til omtale av arrangementa: 

Familiekonsert på Gytta i Førde - tysdag 22. september kl. 18.00
https://fordefestivalen.ticketco.events/no/nb/e/dagsturhyttekonsert_med_stein_villa__gytta

Familiekonsert i Stedjestova i Sogndal - onsdag 23. september kl. 18.00 https://fordefestivalen.ticketco.events/no/nb/e/dagsturhyttekonsert_med_stein_villa__stedjestova

Familiekonsert på TIN-camp ved Draumekvila på Sandane - torsdag 24. september kl. 18.00
https://fordefestivalen.ticketco.events/no/nb/e/dagsturhyttekonsert_med_stein_villa__draumekvila

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27