Nyhet -

Førdefestivalen: Vi gjorde det!

Festivalstemninga stod i taket frå morgon til morgon (!) då Førdefestivalen veke gjennomførte tilnærma fullskala festivalprogram, med … fysiske konsertar. Rundt 200 frivillige var i sving heile veka. over 20 arenaer var i bruk, og både musikarar og publikum fekk ein etterlengta musikalsk opptur. Temaet på Førdefestivalen var HEIME. Alle musikarane på scena er busette i Norge, men dei hadde med seg musikk frå 24 land. 

Det kan vere vanskeleg å forstå kor kult det er at Førdefestivalen har hatt nesten ei heil veke med fysisk festival i Førde. Vi er ein av svært få som lagar festival i år, etter at vi avlyste i fjor. — To år utan festival ville blitt i lengste laget. Det gjeld både for artistane og oss og publikum så vel som dei frivillige. Det er ein heilt bransje som skal gå rundt, seier festivaldirektør Per Idar Almås. 

— Vi er ei viktig brikke i dette økosystemet. Eg har snakka med artistar og ikkje minst teknikarar som fortel at Førdefestivalen er den første skikkelege festivaljobben dei har gjort sidan pandemien starta. «Endeleg er vi i gang igjen», er det mange som har sagt, seier arrangementsjef Sølvi Lien. 

Årets festival var ein fullskala festival, berre publikumskapasiteten var mindre. Vi hadde like mange arrangement som i vanlege år, og nesten like mange artistar og arenaer. Til vanleg har vi artistar frå mellom 25 og 30 land, i år var talet 24, alle busette i Norge.

— Vi hadde gode rutinar for smittevern og la til rette for ein trygg festival. Alle seier det same, at det var viktig at det vart festival i år. Folk er sveltefora, men litt mindre sveltefora no som vi har hatt musikk i kvar krik og krok i dagevis, seier kommunikasjonssjef Torill Faleide. 

— Hundre prosent trygg kan vi aldri vere, men eg trur ikkje det er betre at halve Norge set seg i bilen og køyrer til dyreparken i Kristiansand, seier Sølvi Lien.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • world music
  • mangfold
  • førde
  • folkemusikk
  • musikkfestival
  • førdefestivalen
  • verdensmusikk
  • mangfald

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27