Nyhet -

NRK TV sender konsert frå Førdefestivalen

Laurdag 25. juli kl. 22.40 sender NRK TV ein konsert med norske Morgonrode. Opptaka til konserten vart gjort i juli i år, i veke 27, det som vanlegvis er festivalveka i Førde. Morgonrode stod på plakaten til den avlyste Førdefestivalen, men fekk tilbod om å gjere ein heilt spesiell konsert som eit tilbod til festivalen sine nesten 200 internasjonale delegatar. 

Sidan 2006 har Førdefestivalen kvart år hatt eit program for internasjonal bransje og media, som eit ledd i å promotere norsk folkemusikk, norske artistar og norsk kultur. I alt har over 200 delegatar besøkt festivalen i Førde; besøk som har resultert i viktige spelejobbar i utlandet for norske musikarar. I tillegg har delegatprogrammet gjeve verdifull omtale av Førdefestivalen og regionen i internasjonale medier.

I år vart alt annleis. Då festivalen vart avlyst og programmet flytta til neste år, gjekk festivalleiinga i tenkjeboksen. I tillegg til å skape litt festivalstemning med nokre enkle popp opp-konsertar og eit billettert arrangement i parken, bestemte vi oss for å strøyme ein konsert eksklusivt til alle dei internasjonale delegatane. -Strøymekonserten skulle for det første promotere ein norsk artist internasjonalt, men også vere vere eit tilbod til norsk tv, fortel Almås. -Spellemann-vinnar Morgonrode takka ja. Vi leigde oss inn i Fjordamattunet, og med Music Norway som støttespelar, hyrte vi Bright Group til den tekniske produksjonen. Konserten vart strøyma som planlagt i festivalveka, og laurdag 25. juli vert den altså sendt på NRK 2, i serien ‘Festivalsommer’. -I eit år då dei store festivalopplevingane uteblei, er eg utruleg glad for at vi lukkast med dette prosjektet, og eg håpar mange får med seg konserten med Morgonrode seint laurdag kveld, kl. 22.40, avsluttar Almås. 


Morgonrode
består av Helga Myhr (hardingfele og song), Selma French Bolstad (nøkkelharpe, hardingfele og song), Rasmus Kjorstad (oktavfele), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og Andreas Skår Winther (slagverk). Dei blandar tradisjonell folkemusikk med improvisert musikk og eigenskrivne låtar.

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27