Nyhet -

Premiere på danseframsyning med Kartellet

-Kvinner dansar med kvinner og menn dansar med menn, eller å danse staur, som det heiter. Tenk om dette var regelen, på lik linje med at kvinner dusjar saman og at menn dusjar saman, seier Sigurd Johan Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet som kjem til Førdefestivalen med danseframsyninga ‘Danse staur, danse staur’ i juli. ‘Danse staur, danse staur’ var tinga til Førdefestivalen i 2020, som ein del av temaet ‘Kjønn på spel’, men etter avlyst festival i fjor, vart premieren utsett eit år. 

At ‘å danse staur’ er ein gamal nordnorsk tradisjon som skriv seg frå Lofotfisket, er det nok mange som ikkje er klar over. På det årlege fisket var det å danse staur like vanleg som at fiskarane spelte kort eller slåss. Menn som dansar med menn er framleis noko mange vil reagere på, og temaet er så kontroversielt at Førdefestivalen også arrangerer ein paneldebatt om det i samband med Kartellet si danseframsyning. 

Med kunstnarlege produksjonar på høgt nivå, er Kartellet eit danseensemble som set spor etter seg i Norge. I utgangspunktet er dei berre mannlege dansarar, men i framsyninga som kjem til Førde har dei for første gong med seg kvinner som dansarar.

Førdefestivalen 2021 har HEIME som tema, og går stabelen 7.-11. juli, og Kartellet si  'Danse staur, danse staur'-framsyning vert vist to gonger fredag 9. juli. Heile programmet for festivalen vert lansert 15. april. 

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • folkemusikk
  • musikkfestival
  • sunnfjord
  • førdefestivalen
  • kartellet

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27