Pressemelding -

Per Idar Almås frå Stord vert ny direktør for Førdefestivalen

Per Idar Almås er tilsett som ny direktør og kunstnarleg leiar ved Førdefestivalen frå oktober 2018. Almås er 37 år og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Han kjem frå ei delt stilling, der han har vore festivalsjef for kammermusikkfestivalen Gloppen Musikkfest på Sandane, og prosjektansvarleg i Festspillene i Bergen der han i stor grad har jobba med programmet for born og unge, samt konsertturneen Nordvegen.

Almås har tidlegare vore i staben bak The Tall Ships Races 2014 Bergen. Han har lenge vore engasjert i Bergens kulturliv, særleg gjennom arbeid med konsertar og festivalar, og har også arbeidserfaring frå Arna og Åsane kulturkontor i Bergen kommune og TV2. - Det er med stor glede og audmjukheit eg ser fram til å jobbe med Førdefestivalen, og eg ser på det som ei ære å få vere med å utvikle festivalen vidare inn i framtida, saman med alle dei strålande menneska som er involverte og engasjerte i festivalen, seier Almås.

– I den nye direktøren, Per Idar Almås, får vi en kar som er positiv, hardtarbeidande og løysingsorientert, med teft for god programmering. Han har lun humor og får også dei beste skussmål når det gjeld samarbeidsevner, og han brenn for formidling av musikk og kultur både til vaksne og born. Vi i styret er kjempefornøgde og gler oss til å følgje Almås, seier styreleiar Tone Winje.

Kontaktperson:

Per Idar Almås – påtroppande direktør Førdefestivalen

Mobil: 915 45 603 | epost: per.idar.almaas@gmail.com

Tone Winje - styreleiar Førdefestivalen

mobil: 90 77 47 67 |epost: tone.winje@moss.kommune.no

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kategorier

  • sogn og fjordane
  • førdefestivalen

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk. Omlag 300 artistar frå heile verda vert presentert frå 30 scener gjennom 80-100 ulike festivalarrangement for om lag 26000 besøkande kvart år. Festivalen vert dekka av nasjonal og internasjonal presse, og er ranka blant dei 25 beste festivalane i sitt slag av det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og mellom Europas beste festivalar av The Guardian ogNational Geographic. Første festivalen vart arrangert i 1990.

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27