Gå videre til innhold
Flaggbytte ved overlevering av Rem Energy. Frå venstre: Asbjørn Vattøy og Jan Sivert Hellandsvik Sandøy, Vegard Grimstad, Fredrik Remøy, Eirik Pedersen, Kjetil Bollestad og Cecilie Hjorth
Flaggbytte ved overlevering av Rem Energy. Frå venstre: Asbjørn Vattøy og Jan Sivert Hellandsvik Sandøy, Vegard Grimstad, Fredrik Remøy, Eirik Pedersen, Kjetil Bollestad og Cecilie Hjorth

Pressemelding -

Green Yard Kleven har overlevert Rem Energy

Flaggbytte og overlevering av Rem Offshore sitt havvindfartøy Rem Energy tok stad ved Green Yard Kleven fredag 3.desember, og no er det topp moderne havvindsskipet klart til å gå i oppdrag.

-Eg vil gratulere Rem Offshore med eit fantastisk skip. Vi er veldig stolte av å ha bygd dette flotte skipet, og også av at vi har levert det før opprinneleg leveringsfrist. Det er ein utruleg god prestasjon av våre tilsette og samarbeidspartnarar, seier prosjektleiar Eirik Pedersen frå Green Yard Kleven.

Han legg vekt på at det i pandemien har vore avgjerande for framdrifta at store delar av samarbeidspartnarane har vore lokale, skipet er nesten heil-sunnmørsk i og med at både verft, reiar, designar og mange av dei største samarbeidspartnarane høyrer heime på Sunnmøre.

-At Green Yard Kleven klarer å levere eit så komplekst prosjekt med gjennomgåande høg kvalitet på normert tid er ikkje anna enn imponerande. Dette har vorte eit utruleg bra skip, og det er takka vere det tette og gode samarbeidet vi har hatt med Green Yard Kleven og deira underleverandørar, seier Vegard Grimstad, prosjektleiar ved Rem Offshore.

Bygd for framtidas miljøkrav
Hybridskipet Rem Energy er bygd for framtida med tanke på miljø og er mellom anna levert med katalysatorar til å reinse eksos og ei stor batteripakke. Skipet er i tillegg klargjort til å sette inn fleire batteri og forberedt for nullutslepps-drivstoffløysingar i framtida.

-Skipet er utstyrt med topp moderne og avansert teknisk utstyr for vedlikehald av vindturbinar til havs. Skipet har rørslekompansert gangveg og kran, arbeidsbåt og integrert arbeidsbåtlandgang , heis og pallehandtering system, batteri og avanserte styringsystem, i tillegg til hotellfasilitetar til 99 mann. Både Rem Offshore og Offshore-wind bransjen har stort fokus på miljø, effektivitet, sikkerheit, samt komfort for teknikarane som skal arbeide på vindparkane offshore. Dette vil Rem Energy tilby, og vi gler oss til å teste ut skipet i vindparken nord for tyskland no i neste veke, fortel Vegard Grimstad.

Blei døypt i Herøy
Rem Energy er det 20ande skipet verftet bygger for Rem Offshore. Laurdag 20. november blei Rem Energy høgtideleg døypt av gudmor Birthe Marie Remøy (15) ved kaia på Mjølstadneset i Herøy. Det blei invitert til folkefest og ope skip denne dagen.

-Dåpen var ein skikkeleg folkefest slik det tradisjonelt har vore i overleveringar mellom oss og Kleven. Vi i Rem er stolte over å kunne ta levering av dette skipet og er særs takksame for det gode samarbeidet med Green Yard Kleven. Vi har ei lang historie med å utvikle prosjekt i lag, og det har vore eit saumlaust samarbeid mellom rederi og verft, seier Fredrik Remøy dagleg leiar for Rem Offshore.

Om Rem Energy
Rem Energy er designet av Havyard Design & Solutions AS og er av typen «HAVYARD 833 CSV». Skipet er ein CSV (Construction Service Vessel), som skal frakte personell trygt til havvind-parkane. Skipet er skreddarsydd for å operere på offshore vindinstallasjonar. Sjølve skipet har som hovudfunksjon å sleppe folk trygt over i vindmøller til havs, og fungerer også som eit hotell med moglegheiter for konferanser med meir. Skipet skal inn på ei langtidskontrakt for Siemens Gamesa Renewable Energy i Tyskland.

-Det har vore eit spanande og viktig prosjekt både for oss og for den lokale maritime næringa. Eg vil gjerne takke alle tilsette for det gode jobben som er gjort, og for det gode samarbeidet med Rem Offshore og alle andre involverte partar, og ønske skip og mannskap hell og lykke og mange oppdrag inn i framtida, avsluttar Hans Jørgen Fedog, konsernsjef for Green Yard.

Nøkkeltal/-spesifikasjonar:

  • Type: HAVYARD 833 CSV
  • Lengde og breidde: 89,7 x 19,6m
  • W2W (Walk to Work) gangveg og tre kraner
  • Innreiing for 99 personar
  • Lastedekk og stor kapasitet for lagring for reservedelar og containerar under dekk
  • Forberedt nullutslepps-drift med brenselceller og batteripakke på 12 000 kWh

Emner

Regions


Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group. Skipsverftet Green Yard Kleven tilbyr nybygg, reperasjonar, ombygging og resirkulering av skip, og er Noregs fyrste livslaupsverft.  Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet.

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20

Green Yard Kleven AS
Klubbenesvegen 39
6065 Ulsteinvik
Norway