Nyhet -

Storfjordens Venner får Europa Nostra-pris

Storfjordens Venner, ei foreining som arbeidar for å verna om både den materielle og immaterielle kulturarven bland dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden, vert tildelt Europa Nostra Awards 2016, i klassen «Spesiell innsats». Kulturminnefondet har i fleire år støtta foreiningas prosjekt med over to millionar kroner.

Blant desse prosjekta er Homlungsetra, Skageflå og Kurlå i Stranda kommune, notnaust på Honningsdalsneset i Skodje, høyløe på Langskipsøya i Ørskog og Bjønnaviksmia i Sykkylven.

- Vi gratulerer Storfjordens Venner med den gjeve Europa Nostra-prisen. Foreininga gjer ein framifrå jobb med å ta vare på dei viktige kulturminna fjordane på Sunnmøre, og dette er velfortjent, seier Simen Bjørgen, direktør i Kulturminnefondet.

Venneforeininga har gjort en formidabel innsats for området som strekker seg inn i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, der dei tek ansvar for å gjenreise og restaurera fråflytta fjord- og fjellgarder. Dei tek også ansvar for å stella kulturlandskapet og formidla dei lokale tradisjonane. Med eigne midlar, ved hjelp av dugnad og private og offentlege tilskot, har foreininga medverke til å hindre at mange kulturminne har gått tapt.

- Det er en høythengande pris. Tildelinga viser at arbeidet og innsatsen vår blir verdsatt, også internasjonalt. Den skaper inspirasjon og fortsatt motivasjon for å ivareta kulturarven på Sunnmøre», uttaler styreleder i Storfjordens Venner, Kjell O. Løseth.

Norsk kulturminnefond har gjeve tilskot til å restaurere fleire bygningar som Storfjordens Venner har stått bak, og på bakgrunn av dette har foreininga opparbeidd seg ein betydelig kompetanse når det gjeld å setje i stand kulturminne på ein god fagleg måte. Ved at Kulturminnefondet også har gjeve tilskot til andre eigarar i regionen, har Kulturminnefondet medverka til at både dei og Storfjordens Venner betre kan formidla bygningsarbeid og dei gamle tradisjonane i eit heilskapleg landskap.

Det er Norsk Kulturarv som har nominert foreininga til den prestisjefylde prisen.

Vi er stolte og veldig glade for at Storfjordens Venner får denne fortente kulturminneprisen, seier Norsk Kulturarvs direktør, Erik Lillebråten.

Prisen vil bli utdelt av EUs kommisær for utdanning, kultur, ungdom og sport, Tibor Navracsics, og Europa Nostras president, den verdskjente operasongaren Plácido Domingo, i Madrid den 24. mai. H.M. Dronning Letizia av Spania vil være til stades som ein av dei mange gjestane under prisutdelinga.

- Ikke bare er Storfjordens Venner blant dei største venneforeningane i Noreg, men det må også vere den mest engasjerte og aktive i landet. Prisen er vel fortent og ein båttur innover Storfjorden bekrefter dette, uttaler styreleiar i Europa Nostra Noreg, Erik Schultz. 

Emner

  • Arkitektur

Kategorier

  • storfjordens venner
  • europa nostra
  • verdiskaping
  • tilskudd
  • restaureringsprosjekt
  • restaurering
  • kulturminner
  • kulturminnefondet
  • kulturminne

Kontakter

Linda Cathrine Herud

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +4740060276