Nyhet -

Vidar Helgesen er ny klima- og miljøminister

Vidar Helgesen er utnemd som ny klima- og miljøminister, og tar over etter Tine Sundtoft.

- Vi gratulerer med utnemninga som klima- og miljøminister, og ser fram til samarbeidet for å ta vare på enda fleire verneverdige kulturminne, seier direktør Simen Bjørgen.

I samråd med styreleiar Helen Bjørnøy har direktøren sendt ei invitasjon til statsråden om å vitja Norsk Kulturminnefond på Røros.

- Vi ynskjer statsråden hjarteleg velkommen til Røros for å møta styret og administrasjonen i fondet, slik at vi kan orientera nærare om verksemda.

Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod for private eigarar av verneverdige kulturminner, som sidan starten i 2003 har vore med å redda 3000 kulturminner over heile landet. 4 av 5 eigarar seier i den siste brukarundersøkinga at dei ikkje ville sett i gang med reparasjonen utan den statlege støtta frå fondet.

Kulturminnefondet er Klima- og miljødepartementets viktigaste virkemiddel for bevaring av privateigde kulturminne.

Emner

  • Arkitektur

Kontakter

Linda Cathrine Herud

Pressekontakt Kommunikasjonsrådgiver +4740060276