Gå videre til innhold
Fjorårets vinner av Norsk lyspris UNG
Fjorårets vinner av Norsk lyspris UNG

Pressemelding -

Fjorårets vinner av Norsk lyspris UNG oppfordrer studenter til å søke; "Blås i janteloven!"

"Blås i janteloven, les deg opp på kriteria og send inn nominasjon innan 14. september" sier fjorårets vinner av Norsk lyspris UNG, Signe Raftevold Rue, som nå jobber som klima- og miljørådgivar i Nesodden kommune.

Signe vant med masteroppgaven "Det lyser i hyttegrender av tindrande ljos kvar kveld" som tok for seg lysbruk og lysforurensning i i hyttefelt.


Kan du fortelle litt om prosjektet ditt som vant Norsk lyspris – UNG?
Gjennom naturforvaltningsstudiet ved NMBU skreiv eg masteroppgåva mi om lysforureining, med tittelen "Det lyser i hyttegrender av tindrande ljos kvar kveld". I prosjektet undersøkte eg hyttebrukarar sine haldningar til lysbruk og lysforureining, og verdsetjing av naturleg nattemørke som ein verneverdig kvalitet.

Som naturforvaltar er eg oppteken av konfliktar mellom bruk og vern av natur, og korleis miljøutfordringar kan løysast i eit samfunnsperspektiv. Etter ein fjelltur i Vinje kommune, der eg observerte eit stort hyttefelt opplyst av utelamper, vart eg merksam på effektane av overflødig lysbruk. Eg vart nysgjerrig på om lysbruken var ønska eller verdsett blant hyttebrukarane.

Det vart identifisert eit paradoks der hyttene representerer ro og ein rekreasjonsmoglegheit i naturomgivnadar, men at lysbruken – som eit unaturleg og forstyrrande element – likevel ikkje vart betrakta som problematisk for ein stor del av respondentane. Vilja til å endre eiga åtferd, og haldningar til regulering var varierande, men det var semje om at bevisstgjering om temaet er ynskjeleg, og at kunnskapen om miljøeffektane av lysforureining er låg.

Lysforureining har lenge vore neglisjert som ei forureiningsform, og ei haldningsendring er naudsynt. Forhåpentleg vil prosjektet mitt vere eit bidrag til grunnlag, inspirasjon og kunnskap for arbeid med å redusere overflødig lysbruk – både for forvaltning og lysbransjen.

Hva inspirerte deg til å delta i konkurransen?
Då eg skulle setje i gang med masterprosjektet, var eg nysgjerrig på å lære om lysfaget og lystekniske moglegheiter. Eg kom frå ein annan fagretning, men meldte meg på Lysets dag i 2023 for å lære meir og bli kjent med lysbransjen. Vinnarane av Norsk Lyspris UNG det året var ei studentoppgåve frå USN som handla om lysforureining. Det vart derfor klart for meg den kvelden at lysbransjen er svært bevisst temaet og problematikken med overflødig lysbruk, og ønsker å anerkjenne prosjekt og personar som aktualiserer og forskar på temaet lysforureining. For meg var dette ein stor inspirasjon, og ikkje minst vart det ein motivasjon å foreslå masteroppgåva mi innan naturforvalting til Lyspris UNG-kategorien. Ei motiverande og konkret målsetjing eg hadde gjennom skriveprosessen, rett og slett!

Hva betydde det for deg å vinne prisen, både personlig og faglig?
Først og fremst var det svært stas å få prosjektet sitt anerkjent gjennom å vere nominert til prisen! Å vinne prisen gav meg ein augeopnar om at ein ikkje skal undervurdere rekkevidda og aktualitet eigne prosjekt kan ha. Lysprisen har også vore eit springbrett for å tilføre ny kunnskap og bevisstgjering om temaet, og eg er svært takksam for dette.

Hva tror du gjorde at akkurat ditt prosjekt utmerket seg for juryen?
Eg reknar med at juryen til Norsk Lyspris kvart år sit med mange gode nominasjonar, der det gjerne er breidde i tema og prosjekttype, og at nominasjonsprosessen ikkje er enkel. Prosjektet mitt skilde seg kanskje litt ut ved å vere det første bidraget frå ein naturforvaltar frå NMBU (så vidt eg kjenner til), i tillegg til å vere eit prosjekt som aktualiserer behovet for folkeopplysning og haldningsendring hjå Ola og Kari Nordmann – sjølve brukarane av lysa.

Hva jobber du med i dag – og hvordan bygger du videre på erfaringen fra Norsk lyspris?
I dag jobbar eg som klima- og miljørådgivar i Nesodden kommune, der eg får komme innom mange ulike arbeidsoppgåver innan fagfeltet mitt. Lysforureining, som både er eit klima- og miljøproblem, er eit tema eg fortsatt har stor interesse for å jobbe vidare med. Det har vore svært nyttig å ha god kjennskap til kva som finst av lystekniske løysingar, og kva ein kan gjere for å redusere unødvendig lysbruk, mellom anna gjennom rådgjeving til utarbeiding av planverk og å setje føringar for lysbruk i område. Kompetanseutveksling om temaet lysbruk og lysforureining er høgst relevant at ein held fram med på tvers av ulike sektorar og fagretningar. Det er mykje bra som skjer her, der Lyskultur er ein svært viktig og relevant aktør. Eit anna steg på vegen er Kommunal- og distriktsdepartementets fagtemaartikkel om lysplanlegging (publisert våren 2025), som eg trur vil vere ein nyttig ressurs både for privat og offentleg sektor i arbeidet med å redusere lysforureining: https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/plan_bygningsloven/planlegging/fagtema/utebelysning/id3030429/

Hvilke råd vil du gi til andre unge som vurderer å sende inn sitt prosjekt?
Ein fordel med UNG-kategorien er at det er ein ganske open kategori, med moglegheit for ei brei deltaking. Har du eit prosjekt som kan vere relevant for lysbransjen, og du er under 35 år, meiner eg det ikkje er nokon tvil: Send inn ditt bidrag! Å vere ung eller student handlar gjerne nettopp om innovasjon og nyvinning, så det å kunne vise fram nytenkande prosjekt gjennom nominasjonen til Norsk Lyspris er også ein flott moglegheit! Blås i janteloven, les deg opp på kriteria og send inn nominasjon innan 14. september.



Related links

Emner

Kategorier


Lyskultur er Norges ledende kompetansenettverk innen lys og belysning. Vi jobber for å fremme fagpolitiske interesser og bedre rammevilkårene for alle som jobber med lys og belysning . Foreningen er non-profit og ble stiftet i 1936.

Lyskultur er landsdekkende og medlemmene er toneangivende aktører innenfor belysningsbransjen, fra lysdesignere og rådgivende ingeniører til produsenter, importører, installatører og salgsleddet innenfor belysning. Lyskulturs medlemmer er aktive bidragsytere i utviklingen av nasjonale og internasjonale standarder, rapporter og veiledere.

Kontakter

Relatert innhold

  • Nå kan du sende inn bidrag til Norsk lyspris 2025

    Nå er det åpnet for å søke til Norsk lyspris 2025. Årets prisutdeling skjer under Lysets dag 18. november. Det deles ut seks forskjellige priser. Enkeltpersoner, institusjoner, organisasjoner, private og offentlige selskaper kan melde på prosjekter eller produkter til Norsk lyspris. 

    Norsk lyspris 2025 deles ut 18. november under Lysets dag 2025. Nå kan du sende inn dine prosjekter frem til 14. september.
  • De nominerte til Norsk lyspris 2024

    Årets nominerte til Norsk lyspris er klare. I år var det 40 innmeldte prosjekter, fordelt på alle kategoriene. Det har vært en vanskelig oppgave for juryen da det var så mange gode prosjekter. Det er derfor bestemt at det er 4 nominerte i kategoriene Beste innendørsprosjekt og Bærekraft. Vinnerne blir kåret på Lysets dag onsdag 13. november på Vulkan Arena i Oslo.