Nyhet -

Tilstanden for dyrelivet på blautbotnen i Skagerrak er vorten betre

Mindre næringssalt i havet har gitt ein større artsrikdom på havbotnen i Skagerrak sidan 1990. Men varmare vintrar og auka elveføring kan vere den nye trugselen for dyrelivet på blautbotnen.

Gjennom over 20 år har Norsk institutt for vassforsking (NIVA) fylgt med på leddormar, blautdyr, slangestjerner og andre dyr som lever på blautbotnen i havet på norsk side av Skagerrak.

– Det har i det store og heile vore ei forbetring i dyrelivet på blautbotnen. Det tyder på storskala-endringar i artsrikdomen på havbotnen i Skagerrak, seier marinbiolog Hilde Cecilie Trannum, som er prosjektleiar for blautbotnsovervakinga til NIVA.

Den viktigaste årsaka til betringa er truleg redusert mengd med lang-transporterte næringssalt frå kontinentet, som er eit resultat mellom anna av strengare retningsliner for gjødsling i landbruket og utslepp frå kloakk. Det kjem fram i ein fersk forskingsartikkel av Trannum og kollegaene hennar, som er basert på NIVA sin overvaking for Miljødirektoratet mellom 1990 og 2010. Artikkelen vart nyleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet Journal of Sea Research.

Varme vintrar gir mindre mangfald

På dei seks prøvetakingsområda i Ytre Oslofjord og utføre Arendal og Lista har Trannum og kollegaene hennar analysert dyrelivet på blautbotnen og målt miljøvariablar som temperatur, salthald og innhald av næring gjennom tjue år. Miljøvariablane vart sette i samanheng med artsrikdom og mangfald, og ved bruk av statistiske metodar har dei modellert kva for variablar som har størst innverknad på dyrelivet. Dei fann ut at det var klimafaktorar og endringar i næringsnivå som påverka artssamansetjinga mest.

– Eit spesielt interessant funn er at varme år vart etterfylgt av redusert artsmangfald på blautbotnen. Med klimaendringane frykter vi altså at den positive trenden med økt artsmangfald kan reverserast, fortel Trannum.

Temperaturen i Nordsjøen har auka med mellom éin og to gradar sidan 1985, og er venta å stige ytterlegare i åra som kjem. Det påverkar dei botnlevande dyra både direkte og indirekte. Nokre av dei indirekte fylgjene av klimaendringane er auka avrenning frå elver og ein tydelegare lagdeling i vassmassane.

– Vi får truleg større effektar av lokale utsleppskjelder i åra som kjem. Meir nedbør gir auka avrenning, noko som fører til ein større transport av partiklar til havbotnen, forklarar Trannum.

– Vi veit ikkje korleis det kjem til å påverke dyrelivet på blautbotnen enno. Kanskje det fører til nedslamming av dyrelivet.

Endra samansetting av artar

Skagerrak tek indirekte imot store mengder næringssalt frå europeiske elver gjennom havstraumane. Algeoppblomstringar som kan følge etter store næringstilskot brukar opp oksygenet i vatnet, noko som påverkar resten av det oksygenavhengige dyrelivet i havet - mellom anna livet på blautbotnen. På starten av 1990-talet var artsrikdommen på blautbotnen på norsk side av Skagerrak rekordfattig, og det vart iverksett store forvaltingstiltak for å redusere utslepp av næringssalt frå jordbruk og kloakk. Desse tiltaka er det vi ser effektane av no.

– Det har skjedd ei positiv endring i dyrelivet på blautbotnen frå tolerante til meir sårbare artar, som dei røyrbyggjande leddormane. Dei tolerante artane har ofte kort generasjonstid og er lite spesialiserte, medan dei meir sårbare artane lever lenger, er større, er meir kravstore og byggjer strukturer i sedimentbotnen. Desse artane stabiliserer sedimenta, forklarar Trannum.

100 artar på 0,1 kvadratmeter!

I ein rute på 0,1 kvadratmeter med havbotn finn Trannum typisk mellom 50 og 100 ulike artar av blautbotnsfauna, og ofte fleire hundre individ. Havbotnen er jordas nest største leveområde etter havsøyla, og dyrelivet og funksjonen til dyrelivet spelar ei viktig rolle for resten av økosystema i havet. Avfall og dødt materiale som dalar ned frå vassøyla vert resirkulert som næringsstoff av dei botnlevande artane, som sjølv òg vert etne av havlevande organismar.

– Den betra tilstanden for dyrelivet på havbotnen er eit gledeleg nyhende. No vert det spanande å sjå kva faktorar som vert avgjerande for artsmangfaldet og artsrikdomen framover, avsluttar Trannum.

Overvakinga mellom 1990 og 2010 av blautbotnsfauna langs norsk side av Skagerrak er utført av NIVA på oppdrag frå, og er finansiert av, Miljødirektoratet.

Referanse:

Trannum, Hilde Cecilie, et al. "Soft bottom benthos and responses to climate variation and eutrophication in Skagerrak." Journal of Sea Research 141 (2018): 83-98. https://doi.org/10.1016/j.seares.2018.08.007

Emner

  • Vann, havmiljø

Kategorier

  • niva
  • miljø
  • hav
  • oslo
  • forskning

Regions

  • Oslo

Kontakter

Gunnar Omsted

Pressekontakt Seniorrådgiver, Medier og formidling Pressekontakt 93654386

Caroline Enge

Pressekontakt Forskningsassistent, seksjon for vann og samfunn Kommunikasjon, forskning +4745447990