Pressemelding -
Ikkje sidan før koronaen har det vore så mange deltakarar!
Norges Musikkorps Forbund Nordvest arrangerer, saman med teknisk arrangør Florø Hornmusikk, «Nordvesten Sogn og Fjordane» laurdag 22. og sundag 23. mars i Florø Kulturhus.
Kva er Nordvesten?
Nordvesten er den årleg konsertarenaen og konkurransen for skule- og generasjonskorps i Trivselsfylket, der dei konkurrerer og spelar konsertar for kvarandre. Det er ein viktig møteplass borna og ungdommane som er framtida for kulturlivet i bygdene, og der dei finn felles inspirasjon, samhald og glede.
Kva skjer?
I år samlast det 450 musikantar i Florø på laurdag. Det er 14 korps med frå heile Sogn og Fjordane og eit frå Nordhordaland, i tillegg til juniorkorps, aspirantar og musikantar i Nordvest ungdomsbrassband (NUBB). Pokalane delast også ut av to gardistar frå Hans Majestet Kongens garde.
Parallellt med konkurransen laurdag er det aspirantseminar med heile 80 stykker frå 13 ulike skulekorps. Dei skal øve til å vere solistar på festkonserten på kvelden. Festkonserten i år er vi svært stolte av at det er regionskorpset vårt Nordvest Ungdomsbrassband (NUBB) som skal spele. Dei har vokst seg store og gode dei siste åra med nesten 50 musikantar frå 19 ulike korps, og vi gler oss til ein flott konsert.
Teknisk arrangør, Florø Hornmusikk står klar for å leggje til rette for ein fantastisk dag, og passe på at mange hundre spente born, ungdommar, føresette og reiseleiarar blir underhaldt og forsynt. Vi er og veldig glad lokalt næringsliv og bank støttar opp, og heiar på korpsrørsla. Dagen blir avslutta med sosialt opplegg og diskotek på kulturhuset, så det er duka for ein storslått dag på Sandane med musikk og nye tonar, spenning, applaus, smil og latter, og fest.
Nytt av året er at på søndagen klokka 12 i kulturhuset blir det arrangert ensemblekonkurranse for ungdom over 14 år og vaksne. I år er det seks ensemble som deltek, med grupper frå 4 til 9 personar, og vi ser fram til at denne delen av arrangementet skal vekse seg større og betre neste år.
Og med dette som teknisk arrangør skriv, ynskjer vi dykk velkommen til å ta del i dette glade fellesskapet og oppleve musikklglede på nært hald:
«Vi håper denne helgen blir en uforglemmelig opplevelse for alle, der nye vennskap knyttes, og musikkglede deles. Korps er mer enn bare en hobby – det er en lidenskap som gir minner og opplevelser for livet. Gjennom musikken bygger vi fellesskap, samarbeid og respekt, og vi gleder oss til å se alle deltakerne skinne på scenen.
Vi ønsker dere en helg med både utfordringer og mange flotte musikalske øyeblikk. Lykke til, og måtte helgen i Florø bli et minne for livet!»
Emner
Kategorier
Regions
Norges Musikkorps forbund (NMF) er den største kulturfrivillige organisasjonen i Norge, med over 60 000 medlemmer fordelt på ca. 1600 medlemskorps. Vi ønsker å bidra til å fremme og videreutvikle musikk og drill i Norge, i og med samfunnet rundt oss.
Vi har hovedkontoret i Bergen, hvor litt over 20 ansatte jobber. I tillegg har vi åtte regionskontorer, hvor til sammen litt over 20 personer jobber, fra Tromsø i nord, til Trondheim og Molde, Bergen, Stavanger, Sandefjord, Lillehammer og Oslo.
Vår visjon er en enkel, men kraftfull: Korpsglede for alle!