Gå videre til innhold
Nordvesten Sogn og Fjordane 2024
Nordvesten Sogn og Fjordane 2024

Pressemelding -

Korpskonkurranse på Sandane, Gloppen

På laurdag, 9.mars, blir Nordvesten Sogn og Fjordane arrangert i Trivselhagen på Sandane.

Nordvesten er den årlege og tradisjonsrike møteplassen for skulekorpsa i Trivselsfylket, der dei konkurrerer og spelar konsertar for kvarandre. Ein viktig arena for samle born og ungdom som er framtida for kulturlivet i bygdene, og der dei finn felles inspirasjon, samhald og glede.

I år er det 11 skulekorps med frå heile Sogn og Fjordane. Somme har vore med i alle år, nokon ser vi igjen etter litt pause, og eit korps er med for aller første gong; Kaupanger skule- og ungdomskorps. Teknisk arrangør, Gloppen Janitsjar står klar for å leggje til rette for ein fantastisk dag, og passe på at 350 spente ungdommar og reiseleiarar blir mette.

I tillegg til konkurranse- og konsertklassar, blir det parallellt gjennomført eit aspiranteminar med over 50 aspirantar og juniorar. Desse skal lære seg to musikkstykker, som dei skal framføre som solistar på festkonserten, med sjølvaste Jølster Musikklag og dirigent Torgeir Halvorsen.

Dagen blir avslutta med sosialt opplegg og diskotek, så det er duka for ein storslått dag på Sandane med musikk og nye tonar, spenning, applaus, smil og latter, og fest.

Du er herved invitert!

Emner

Kategorier

Regions


Norges Musikkorps forbund (NMF) er den største kulturfrivillige organisasjonen i Norge, med over 60 000 medlemmer fordelt på ca. 1600 medlemskorps. Vi ønsker å bidra til å fremme og videreutvikle musikk og drill i Norge, i og med samfunnet rundt oss.

Vi har hovedkontoret i Bergen, hvor litt over 20 ansatte jobber. I tillegg har vi åtte regionskontorer, hvor til sammen litt over 20 personer jobber, fra Tromsø i nord, til Trondheim og Molde, Bergen, Stavanger, Sandefjord, Lillehammer og Oslo.

Vår visjon er en enkel, men kraftfull: Korpsglede for alle!

Kontakter