Pressemelding -

Status for det norske energisystemet

I den nye rapporten Energistatus gjev NVE ein heilskapleg presentasjon av statistikk og fakta om det norske energisystemet. Den gjev ein oversikt over produksjon, overføring og forbruk av elektrisitet i det norske samfunnet, og syner energibruken til ulike føremål og samanhengen mellom energi og miljø.

- Å ha tilgang til energifakta er svært viktig for å forstå energisystemet, og for utvikling
og utforming av ein føremålsteneleg og praktisk energipolitikk for Noreg, seier vassdrags- og energidirektør Agnar Aas.

Noreg er den sjette største vasskraftprodusenten i verda og har saman med Island den høgaste fornybardelen i elektrisitetsproduksjonen av alle land i Europa. Til samanlikning er omtrent 17 prosent av all elektrisitet i EU-området basert på fornybare ressursar. I Sverige utgjer fornybare energiressursar omtrent halvparten av all elektrisitetsproduksjon, medan tilsvarande del i Danmark er omlag 29 prosent. Den gode tilgangen på vasskraft har bidrege til at Noreg har eit forbruksmønster som skil seg frå land omkring oss.

- Som Noregs energidirektorat er ei av våre viktigaste oppgåver å yte god informasjon
om energisystem, energimarknad og energibruk, seier Aas.

Last ned Energistatus på http://www.nve.no , eller bestill papirversjon frå NVEs bibliotek Tlf. 22 95 93 43 e-post: biblioteket@nve.no

Kontaktpersonar:
Seksjonsjef  Tor Arnt Johnsen, tlf 22 95 91 49
Seniorrådgjevar Ellen Skaansar, tlf 22 95 92 55

Emner

  • Klimaspørsmål