Gå videre til innhold
Foto: Anders Jildén/Unsplash

Ny norsk nordområdestrategi: Vegval for Noreg i Arktis

Dato 5. september 2025 10:00 – 11:15

Sted Oslo

NUPI inviterer til ope seminar om Noregs nye strategi for norsk nordområdepolitikk.

Noreg står framfor viktige vegval i nord. I ei tid prega av tryggingspolitisk uro, grøn omstilling og auka stormaktsrivalisering i Arktis, har regjeringa lagt fram ein ny strategi for norsk nordområdepolitikk. Strategien har fem prioriterte innsatsområde og løftar fram både tryggleik, infrastruktur og næringsutvikling.

Vi spør:

  • Kva pregar den tryggingspolitiske situasjonen i Arktis?
  • Kva er Noregs viktigaste interesser i regionen, og korleis kan vi sikre handlefridom og innverknad i eit område som stadig oftare blir prega av geopolitiske spenningar og ressurskamp?
  • Er den nye nordområdestrategien tilstrekkeleg for å vareta norske utanrikspolitiske interesser?

Deltakarar:

  • Statssekretær i Utanriksdepartementet, Maria Vartessian (Ap)
  • Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Marte Gerhardsen (Ap)
  • Leiar, Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Marie Søreide (H)
  • Forskar I, NUPI, Karsten Friis
  • direktør, Senter for hav og Arktis, UiT Norges arktiske universitet, Jan-Gunnar Winther
  • Forskar I, NUPI, Elana Wilson Rowe (ordstyrar)

Arrangementet finn stad i Rosenkrantz' gate 22, 4. etasje. Det blir også strøymt til NUPIs YouTube-kanal:

Kategorier

Kontakter

  • Arktis
    Lisens:
    All rights reserved
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Anders Lidén/Unsplash
    Størrelse:
    1777 x 1000, 1.1 MB