Gå videre til innhold
Foto: Therese Leine/NUPI

Nyhet -

Slik blir Europa trua – både frå innsida og utsida

Ytre høgre endrar Europa slik vi kjenner det. På den andre sida av Atlanterhavet sit ein president med andre verdiar enn det europeiske fellesskapet er grunnlagt på. Kva må til for at Europa ikkje skal rakne? Og kva med Noreg i alt dette?

Det var temaet for lanseringa av NUPI-forskar Øyvind Svendsens bok, Fellesskap i fare (Humanist forlag).

Europa i lagnadstid

Svendsen møtte Maria Varteressian (Ap-politikar og nyleg avgått statssekretær for utanriksministeren), Guri Melby (parlametarisk leiar, Venstre), Ole Martin Stormoen (stipendiat, NUPI) og Marte Spurkland (redaktør H magasin) til samtale på Litteraturhuset i Oslo tysdag 21. oktober.

Det vart ein samtale om EU og Europa som var nyansert, lyttande, engasjert og kunnskapsrik.

Tidleg i boka omtaler Svendsen eit Europa som står i ei lagnadstid.

– Men kva gjer at situasjonen er ekstra lagnadstung no? spurde ordstyrar Marte Spurkland innleiingsvis i lanseringsarrangementet.

– Det eg prøver å seie, er at EU vart smidd i bakkant av andre verdskrigen, samtidig med at det vart bygd opp ein liberal internasjonal orden. Ei verd som er basert på liberale idear: demokrati, menneskerettar, fridom, open handel mellom land, og så vidare, sa forfattaren.

Ein død verdsorden?

Det som er annleis med EUs krise no, er at den verdsordenen EU er tufta på, har store problem, ifølgje Svendsen.

– Kanskje er den allereie død. Den blir trua frå alle kantar. Den blir trua frå såkalla revisjonistiske statar – som Kina, Russland og India – som meiner at dette systemet har først og fremst tent Vesten. Og no ønskjer dei ein annan type verdsorden, der dei kan gjere det betre enn dei har gjort under USAs klamme hand sidan 1945. Og det er eit problem for EU.

Den andre trusselen Svendsen trekkjer fram, er trusselen frå ytre høgre.

– Og den kjem frå innsida. Donald Trump foraktar jo EU og dei grunnleggjande verdiane EU er basert på, i alle fall til ei viss grad. Det er ei utfordring. Og så ser vi også ei høgrebølgje i Europa. Det er ei reell frykt no for at om ti år, kanskje før, sit fire-fem-seks statsleiarar rundt bordet der dei 27 møtest, som faktisk ikkje synest EU er noko særleg i det heile og i botn og grunn ønskjer å avskaffe EU. Og det gjer at denne krisa er annleis.

Vil unngå skyttargravsdebatt

Arrangementet og boka blir tilrådd for alle som vil djupare inn i materien og ut av ja/nei-skyttargravene.

– Eg håpar sjølvsagt at mange vil lese boka. Det er det to grunnar til. For det første håpar eg å bidra til samtalen om Europa og kva det faktisk er verdt å kjempe for når verda endrar seg og liberale verdiar ikkje lenger er sjølvsagde og noko vi kan sjå på som eit overskotsprosjekt. For det andre håpar eg at boka kan vere med på å vise at ein offentleg debatt om Noreg og EU ikkje treng å vere i to skyttargraver: éin for og éin mot norsk medlemskap. Det er mykje å hente i å prøve å ha litt analytisk distanse og overblikk, seier forfattaren sjølv.

Om du gjekk glipp av arrangementet, kan du sjå det i opptak her:

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

  • Applaus_2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    NUPI
    Størrelse:
    1500 x 844, 236 KB
    Last ned
  • Guri Melby snakker.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    NUPI
    Størrelse:
    5472 x 3648, 1.18 MB
    Last ned
  • Guri Melby og Ole Martin Stormoen
    OM.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    NUPI
    Størrelse:
    5472 x 3648, 958 KB
    Last ned
  • Marte Spurkland, Maria Varteressian, Øyvind Svendsen, Guri Melby og Ole Martin Stormoen
    Fullt hus.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    NUPI
    Størrelse:
    4997 x 3331, 1.09 MB
    Last ned
  • Øyvind.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    NUPI
    Størrelse:
    3648 x 5472, 1.03 MB
    Last ned

Relatert innhold

  • Nordmenn markant mer skeptiske til samarbeid med USA

    NUPI har kartlagt nordmenns holdninger til norsk utenrikspolitikk. Funnene viser blant annet økende skepsis til USA og fortsatt støtte til internasjonalt samarbeid
    Til tross for en verdenssituasjon preget av krig, konflikt og usikkerhet, holder nordmenn fast ved at Norge bør holde en stabil utenriks- og sikkerhetspolitisk kurs.
    Det viser Norsk Utenrikspolitisk Institutts (NUPI) rapport, Ute