Nyhet -
Ei veke med countrystemning i Nærøyfjorden
30. juli - 06. august kjem den amerikanske countryartisten Ry Bradley og bandet hans til Flåm og den vesle bygda Dyrdal i Nærøyfjorden. I løpet av veka held dei ikkje mindre enn 8 konsertar på ulike lokasjonar. Det vert ei veke med ugløymelege dagar med countrytonar rungande mellom fjord og fjell.
Ry Bradley er ein prisvinnande musikar busett i Nashville, USA, der han skriv eigne låtar inspirert av blues rock & roll og country. Han spelar også gode gamle slagerar frå mellom anna Johnny Cash, Buddy Holly og Elvis. Det vert vanskeleg å sitje stille når han og bandet set i gong med musikken sin.

Unik oppleving i verdsarvfjorden
Fleire av konsertane har Dyrdal som arena, noko som gjev ei unik moglegheit til å oppleve denne idylliske, veglause bygda midt i Nærøyfjorden. Her finst det berre ein fastbuande, Arild Dyrdal, som tidlegare har vore med på NRK-programmet “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. På dagkonsertane måndag 2. og fredag 6. august tar han med konsertgjestane på ei lita omvising med historieforteljing om grenda.

Seks dagar, åtte konsertar
Fredag kveld er det i Flåm det skjer. Hagekonsertane til Fretheim Hotel er kjent for god stemning, og det vert ikkje dårlegare denne kvelden. Medan Bradley og bandet står på scenen, diskar kjøkkenet opp med grillmat.
Dei to siste konsertane vert om bord på Legacy of The Fjords på ettermiddagsruta mellom Flåm og Gudvangen. Dei elektriske fartøya har dei siste åra blitt populære konsertarenaer, og det vert ikkje mindre spektakulært denne gongen.
Program for veka:
- Fredag 30.07: Hagekonsert på Fretheim Hotel
- Laurdag 31.07: Kveldskonsert i Dyrdal
- Måndag 02.08: To dagkonsertar i Dyrdal
- Tysdag 03.08: Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord
- Onsdag 04.08: Ettermiddagskonsert på Fjord Cruise Nærøyfjord
- Fredag 06.08: To dagkonsertar i Dyrdal
Velkomen til ekte countrystemning i Flåm og omegn i sommar!