Gå videre til innhold
Flåmsbana inviterer til Nissetog søndag 6. desember
Flåmsbana inviterer til Nissetog søndag 6. desember

Nyhet -

Flåmsbana inviterer Nissetog 6. desember

Søndag 6. desember inviterer Flåmsbana for fyrste gong til Nissetog. Velkommen til ein kjekk adventssøndag for heile familien.

Bli med nissen på Flåmsbana

Heile familien er invitert når nissen besøker Flåmsbana. Ta på nisseluer og bli med på ein anleis togtur til og frå Myrdal. Det vert overraskingar til borna og på Kjosfossen har alle moglegheit til å få ta eit eksklusivt bilete saman med nissen sjølv.

Nissetoget har avgang frå Flåm kl. 11.45, og returnerer kl. 13.55. Det er rabatterte prisar på Flåmsbana denne avgangen, men ambassadørkort gjeld ikkje.

Flåm Peparkakeby

Når ein fyrst er i Flåm anbefaler vi å stikke innom Kundesenteret for å sjå flotte Flåm Peparkakeby.  Kanskje kjenner du att nokon av bygga? Det er tredje år på rad at Flåm AS har invitert alle i Aurland kommune, særskild skular og barnehagar, til å delta med kreative peparkakebidrag. Peparkakebyen kan besøkast kvar dag i perioden 29. 11 - 13.01 frå kl. 08.30 til 17.00. 

Kjøp julegåvene i Flåm

Vi ynskjer óg velkomen til lokal julehandel i år. Konseptbutikkane i Flåm og Flåmsbanamuseet held ope fyrstkomande helg. Her kan ein sikra seg fine julegåver av norsk design frå merker som blant anna Røros Tweed, Morild, Reinrosa keramikk og glaskunst frå Merete Rein. Flåm sin eigen produktserie om huldra Nora og venene hennar er ein sikker vinnar hjå dei minste. Flåm Store er óg open helga etter, 10. - 13. desember.

Ynskjer du hjelp til julebaksten, vil ha ferskt brød til frukost eller berre noko godt til kaffien, er Flåm Bakeri open kvar dag i vinter. Det er kortare opningstider over jul og nyttår. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway