Gå videre til innhold
Skisesongen i Myrkdalen startar fredag 4.12 kl.12.00. Foto frå sesongen 2019/20: Jon Junnålvatn Tøn
Skisesongen i Myrkdalen startar fredag 4.12 kl.12.00. Foto frå sesongen 2019/20: Jon Junnålvatn Tøn

Nyhet -

Myrkdalen opnar i morgon, fredag kl. 12.00

Fredag 4. desember er skisesongen endeleg i gang i Myrkdalen. Heisane Myrkdalsekspressen, Kråni og Kari Traa opnar kl. 12.00.

Tre heisar, 6 løyper
Myrkdalen Fjellandsby melder om gode forhold i øvre del, men lite snø og løype til transport i nedre del. Heisane Myrkdalsekspressen, Kråni og Kari Traa og dei seks løypene rundt opnar difor først. Myrkdalen Hotel og serveringstilboda i sentrum er opne heile helga.

Ope for sesongkort og 100 dagskort
Denne første helga opnar Myrkdalen berre for dei med sesongkort og 100 heldige gjester som kjøper dagskort. For å sikra deg plass bør du kjøpa skikort på nett før du kjem, her er det fyrstemann til mølla som gjeld. Det vert redusert pris på dagskort fredag, laurdag og sundag.

Smitteverntiltak
Årsaka til plassbegrensing i skianlegget er å kunne sikre avstand mellom gjester og at generelle smitteverntiltak elles vert etterfølgt. Alle gjester vert oppmoda om å lesa seg opp på smitteverntiltak på Myrkdalen.no før dei kjem. Det skal vera trygt å stå på ski i Myrkdalen.

Velkommen på ski om du er frisk! 

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • Illustrasjonsfoto frå skisesongen 2019/20
    Illustrasjonsfoto frå skisesongen 2019/20
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    7952 x 5304, 9.76 MB
    Last ned