Gå videre til innhold
Fretheim Hotel har opna nytt og moderne konferansesenter i Flåm.
Fretheim Hotel har opna nytt og moderne konferansesenter i Flåm.

Nyhet -

Nytt konferansesenter opna i Flåm

Historiske Fretheim Hotel har opna dørene til det nyaste og mest moderne konferansesenteret i Flåm, teikna av G2 Arkitekter AS frå Ågotnes i Øygarden.

Satsing på konferansemarknaden

Med den sentrale plasseringa langs E16 mellom aust og vest midt i Vestland fylke, og med enkel tilkomst med offentleg transport, er Flåm ein ideell lokasjon for bedrifter og organisasjonar som ynskjer å samlast. Med det nye konferansesenteret satsar Fretheim Hotel og Norway’s best AS nettopp på denne marknaden.

-Det nye konferansesenteret og konferansekonsepta våre er blitt godt motteke av marknaden så langt, og vi ser at bedrifter og organisasjonar er klar for å samlast igjen etter over eit år med heimekontor og få møtepunkt, seier Øivind Wigand, direktør på Fretheim Hotel.

Det nye senteret doblar møteromskapasiteten på hotellet. Det største av lokala kan ta opp til 160 personar, medan styremøte og andre mindre møter vert ivareteke i VIP-rommet med styreromsoppsett.

- Vi har fått inn godt med bestillingar både før og etter sommaren. Mange kombinerer også møter hjå oss med andre aktivitetar og teambuilding i Flåm, fortel Wigand vidare.

Universell utforming og moderne teknologi

Heile den nye konferanseavdelinga er universelt utforma, med heis mellom hovudetasje og underetasjen som inneheld mellom anna garderobe og toalett.

Møteromsfasilitetane er planlagt med fleksible løysingar. Det store møterommet Blåskavlen, oppkalla etter det høgaste fjellet i Aurland, kan delast i to, og dei to store micro-LED skjermane handterer alle lysforhold og kan enkelt gøymast ved å matche veggen når dei ikkje er i bruk. Det siste året har lært oss mykje om fleksible digitale løysingar, og det er mellom anna lagt til rette for streaming både mellom møteromma og for digitale konferansedeltakarar.

Grønt fokus

Berekraft har lenge stått sentralt i drifta av Fretheim Hotel, som har vore sertifisert som Miljøfyrtårn sidan 2006. Og konferansesatsinga vert ikkje noko unntak. I 2018 vart hotellet også tilbydar av Grøn Konferanse for miljøbevisste organisasjonar. Noko som set ei rekkje krav i alt frå kva møteromsrekvisita ein har tilgjengeleg til avfallshandtering. 

Også mattilbodet er prega av berakraftig drift, med sterkt fokus på norske råvarer som er i sesong og samarbeid med lokale matprodusentar. Dette får ein også nyte godt av i det nye konferansesenteret. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • Konferansemat med lokalt og berekraftig fokus på Fetheim Hotel.
    Konferansemat med lokalt og berekraftig fokus på Fetheim Hotel.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 27.6 MB
    Last ned
  • Fretheim Hotel sitt nye konferansesenter har lyse, opne mingleareal.
    Fretheim Hotel sitt nye konferansesenter har lyse, opne mingleareal.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 30.9 MB
    Last ned
  • VIP-rommet, Rimstigen, med det vesle ekstra for mindre møter.
    VIP-rommet, Rimstigen, med det vesle ekstra for mindre møter.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5471 x 3647, 22.2 MB
    Last ned
  • Topp moderne konferansesenter er opna i Flåm.
    Topp moderne konferansesenter er opna i Flåm.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6000 x 4000, 30.7 MB
    Last ned
  • Moderne Blåskavlen konferanselokale på Fretheim Hotel
    Moderne Blåskavlen konferanselokale på Fretheim Hotel
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5853 x 3902, 27.4 MB
    Last ned
  • Fretheim Hotel i Flåm har opna nytt konferansesenter.
    Fretheim Hotel i Flåm har opna nytt konferansesenter.
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5446 x 3631, 16.8 MB
    Last ned