Gå videre til innhold
Thomas Giertsen og Merete Bø vitjar Myrkdalen i oktober.
Thomas Giertsen og Merete Bø vitjar Myrkdalen i oktober.

Nyhet -

Stor interesse for Vilt og Vin med Merete Bø og Thomas Giertsen i Myrkdalen

Merete Bø og Thomas Giertsen er i vinden med podkasten “Jeg kan ingenting om vin”, og i førre veke annonserte Myrkdalen at duoen for fyrste gong skal opptre live saman laurdag 23. oktober - i nettopp Myrkdalen. Allereie etter ei knapp veke er nesten alle billettane rive vekk.

Gjer vinverda enklare
Vineksperten Bø og vininteresserte Giertsen har sett seg føre å gjera den store og ofte uforståelege vinverda oppnåeleg for folk flest. Fyrst og fremst i podcasten og deira populære nyhendebrev, men no altså også i Myrkdalen.

Laurdag 23. oktober inviterer Myrkdalen til ein lærerik, morosam og smakfull kveld med vin og vilt i Fjellstova Vetlebotn. Her komponerer kjøkkensjefen eit herleg måltid basert på delikatesser frå Vossafjella, medan Merete Bø akkompagnerer med lekre dråpar i glasa. Undervegs i middagen vil Bø og Giertsen ta føre seg vinhistorie, omgrep og litt om dei viktigaste vinområda i verda. Som gjest vil du sjølvsagt òg få læra om kva druer som passar best til vilt, slik at du etterpå kan imponera med å kunna “litt om vin og... vilt”.

Stor interesse
At temaet og vinekspertane vekkjer interesse ser ein att på salet, berre etter nokre dagar nærmar arrangementet seg utselt.

-Me er særs glade for at Merete og Thomas tar turen til Myrkdalen for si første live framføring med “Jeg kan ingenting om vin”, seier Hilde Kettermann, restaurantsjef på Myrkdalen Hotel. -Og ikkje minst gler me oss til å igjen kunne samla gjester til eit godt måltid og eit kjekt arrangement, denne gong i Fjellstova Vetlebotn som opna førre vinter.

For å gjera det enklare for gjestene å koma seg til Vetlebotn, stølen midt oppe i skianlegget, er busstransport frå Myrkdalen Hotel inkludert i billetten. Det er òg mogleg å tinga buss tur/retur frå Voss sentrum og Haugsvik. 

-Dei som ynskjer å få med seg denne spanande kvelden i Vetlebotn må skunda seg å kjøpa billettar, oppmodar Kettermann til slutt. 

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

  • Thomas & Merete.jpg
    Thomas & Merete.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1600 x 895, 550 KB
    Last ned
  • vetlebotn_august_2021_norwaysbest_myrkdalen_sverrehjornevik-3160.jpg
    vetlebotn_august_2021_norwaysbest_myrkdalen_sverrehjornevik-3160.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Norway's best / Sverre Hjørnevik
    Størrelse:
    9152 x 6101, 35.6 MB
    Last ned