Gå videre til innhold
Laurdag 25. september held Ingrid Olava konsert på Nærøyfjorden
Laurdag 25. september held Ingrid Olava konsert på Nærøyfjorden

Nyhet -

Unik fjordkonsert med Ingrid Olava

Ingrid Olava har sunge seg inn i hjarta våre og for lengst befesta sin posisjon mellom landets mest substansielle og viktigaste artistar. Laurdag 25. september kan du senka skuldrane og finna roen på ein skjelsetjande konsert om bord på Legacy of The Fjords på haustvakre Nærøyfjorden.  

Ein unik konsert 

Konserten med Ingrid Olava går inn i rekkja av unike konserter på Nærøyfjorden. I 2019 skapte ISÁK magisk stemning mellom dei haustfarga fjella og i 2020 var det Frida Ånnevik som førte til musikkglede om bord på den elektriske båten. Årets konsert blir minst like spektakulær. Med si karakteristiske stemme og vakre pianospel kjem Ingrid Olava til å skapa ei eventyrleg konsertoppleving.  

Legacy of The Fjords er den nyaste av dei tre miljøvenlege søsterskipa med Seasight-design, der vindauge frå golv til tak gjev panoramautsikt til fjorden og fjella også når ein sit inne i salongane. Her får musikken stå i fokus når den heilelektriske motoren seglar stille gjennom den verdsarvlista fjorden.  

12 år med vakker popmusikk 

Sidan den kritikarroste debuten med Juliet’s Wishes, har Ingrid Olava levert eit imponerande tal konsertar og ein låtkatalog som har resultert i ei mengde prisar og nominasjonar gjennom ein popkarriere på meir enn 10 år. 

I tillegg til sin eigen sterke katalog med publikumsfavorittar som «Only Just Begun», «Back to love», «Warrior Song», «Jackie Kennedy», «Jupiter» og «Mens Jeg Sover», har Olava alltid omfamna og tolka andre kunstnarar. I konsertformatet har Ingrid Olava dermed utvikla seg til å bli ein eklektisk blanding av eige og andre sitt materiale. 

Ingrid Olava har gjennom 12 år laga og framført vakker popmusikk til oss. 

Related links

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • Ingrid Olava.jpg
    Ingrid Olava.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3744 x 5616, 9.58 MB
    Last ned
  • autumn_naeroyfjorden_future_fjordcruise_fjord_sverrehjornevik-9617.jpg
    autumn_naeroyfjorden_future_fjordcruise_fjord_sverrehjornevik-9617.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Opphavsrett:
    Norway's best / Sverre Hjørnevik
    Størrelse:
    5490 x 3660, 13.4 MB
    Last ned
  • Unik fjordkonsert med Ingrid Olava_bokmål.docx
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .docx
    Last ned