Gå videre til innhold
​Som følgje av korona-utbrotet har Flåm AS i dag sendt permitteringsvarsel til 96 tilsette.
​Som følgje av korona-utbrotet har Flåm AS i dag sendt permitteringsvarsel til 96 tilsette.

Pressemelding -

Flåm AS permitterer 96 tilsette

Som følgje av korona-utbrotet har Flåm AS i dag sendt permitteringsvarsel til 96 tilsette. Fretheim Hotel og Flåm Bakeri blir stengt frå i dag og inntil vidare. Når det gjeld andre overnattings- og serveringstilbod, som Heimly Pensjonat og Toget Kafé, så er det tvilsamt om desse i det heile vert opna i sesongen 2020. Det same gjeld Hotel Aurlandsfjord (tidlegare Aurland Fjordhotell), som Flåm AS overtok hausten 2019, og som var planlagt opna etter renovering i siste halvdel av mai.

Dei tilsette fekk varsel om permittering i dag. Dei fleste er hundre prosent permitterte, medan ein del tilsette inntil vidare er delvis permitterte. Dette for at selskapet skal kunne ivareta nødvendig oppfølging av drift, kundar og tilsette.

- Det er med tungt hjarta at vi tek denne avgjerda om å permittere våre dyktige tilsette. Slik det ser ut no er dette einaste utveg for å verne om arbeidsplassane og verksemda. No er det viktigaste for alle å bidra til at viruset ikkje spreier seg vidare, slik at vi får kontroll over dette, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Flåm AS og Aurland Ressursutvikling AS.

- Vi er takksame for dei tiltaka som regjeringa no set i verk for å hjelpe næringslivet. Dette skal vi kome oss gjennom og då må vi vere klare til å opne opp att tilboda våre. Vi har stor omtanke for våre tilsette som no må ut i permittering, og vi ser fram til den dagen vi har alle i full drift att. Eg må også takke for den fantastiske innsatsen og den utrulege haldninga alle tilsette viser i ei svært vanskeleg tid for alle. Dette er ein global dugnad som alle må bidra til at vi skal kome oss ut av, seier Hjelleflat.

Flåmsbana, som Aurland Ressursutvikling eig saman med Vygruppen, går enno som normalt. Justering av driftsopplegg vert vurdert fortløpande. Kundesenteret vert halde ope så lenge det går tog på bana. Inntil vidare er det ingen permitteringar i Flåm Utvikling AS, som driftar Flåmsbana.

The Fjords, som er eigd av Flåm AS og Fjord1, har stoppa sightseeingaktiviteten på Nærøyfjorden, i første omgang fram til 26. mars. Selskapet har kansellert alle avgangar på Geirangerfjorden fram til 29. april. The Fjords sin aktivitetsplan for resten av sesongen blir vurdert etter kvart som situasjonen utviklar seg. Det er sendt permitteringsvarsel til alle tilsette, med unnatak av personell som trengs for å ivareta tryggleik og vedlikehald av fartøy.

Kontaktpersonar Flåm AS:
Solrun Hjelleflat, konsernsjef Aurland Ressursutvikling, mobil: 414 02 158, e-post: solrun.hjelleflat@visitflam.com

Arve Tokvam, direktør Investor Relations i Flåm AS, mobil: 907 85 950, e-post: arve.tokvam@visitflam.com

Kontaktperson Flåm Utvikling (Flåmsbana):
Sivert Bakk, dagleg leiar, mobil: 920 91 697, e-post: sivert.bakk@visitflam.com

Kontaktperson The Fjords:
John Vonli, dagleg leiar, mobil: 480 49 790, e-post: john.vonli@thefjords.no

Related links

Emner


ARU-konsernet driver helhetlig reisemålsutvikling der natur, kultur, menneske, mat og opplevelser spiller sammen for å gi den unike gjesteopplevingen. Gjennom fellesforetak, heleide datterselskap og partnere, både nasjonalt og internasjonalt, setter vi gjesten i sentrum i alle faser av opplevelsene i det mektige og storslagne vestnorske fjell- og fjordlandskapet.

Kontakter

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Rolf Didrik Hexeberg

Pressekontakt Markedssjef 959 63 129

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway