Gå videre til innhold
Fretheim Hotel i Flåm opnar igjen 1. mai
Fretheim Hotel i Flåm opnar igjen 1. mai

Pressemelding -

Flåm opnar igjen 1. mai

Flåm AS vil frå 1. mai igjen ynskje gjester velkomne, etter at nær all verksemd vart stengt ned og 95 tilsette permittert 16. mars. Normalt er over 95 prosent av gjestene i Flåm frå utlandet, men no vil Flåm tilby nordmenn å oppleve indrefileten av Vestlandet. No er det god plass til alle og strenge smittevernstiltak vil vere på plass slik at alle gjester kan føle seg trygge.

- Vi gler oss til å vise nordmenn dei spektakulære naturopplevingane kinesarar og amerikanarar har reist tusenvis av kilometer for å oppleve. Her er det spektakulær og mektig natur, seier Solrun Hjelleflat, adm. dir. i Aurland Ressursutvikling AS.

Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar, og med store mengder vill natur. Vi kan tilby den norske gjesten spektakulære aktivitetar, vandring og sykling for liten og stor. I Flåm er det all grunn til å bli i fleire dagar.

Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slo seg saman 3. april, midt i koronakrisa som råka reiselivet hardt. Det fusjonerte selskapet er no ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på 1 milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året. Selskapet planlegg å vekse vidare etter koronakrisa. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon som no også satsar stort på sommaraktivitetar. Skianlegget vart opna att 24. april.

Kontaktpersonar:
Solrun Hjelleflat, konsernsjef Aurland Ressursutvikling, mobil: 414 02 158, e-post: solrun.hjelleflat@visitflam.com

Arve Tokvam, direktør Investor Relations i Flåm AS, mobil: 907 85 950, e-post: arve.tokvam@visitflam.com

Related links

Emner

Kategorier


Om Aurland Ressursutvikling
Aurland Ressursutvikling og tilknytte selskap har meir enn 320 heilårstilsette og om lag 250 sesongarbeidsplassar. Gjennom dotterselskap og deleigde selskap utviklar og driv selskapet reiseliv og reiselivsprodukt. Verksemda, som er lokalisert i Flåm i Aurland kommune og i Voss Herad, marknadsfører og sel reiseopplevingar i nasjonale og internasjonale marknader. Selskapet eig blant anna Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. Marknadsføring og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Flåm AS. Eigarstrukturen i Aurland Ressursutvikling ser slik ut: Siva Eiendom Holding (36,5 %), Aurland Eige (30,8 %), Schage Eiendom (23,0 %) og Sogn Sparebank (9,7 %).

Kontakter

  • Flåmsbana ble i 1944 en av de første elektrifiserte jernbanestrekningene i landet
    Flåmsbana ble i 1944 en av de første elektrifiserte jernbanestrekningene i landet
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    6250 x 4171, 12.6 MB
    Last ned
  • Fjordcruise i spektakulære omgivelser i Nærøyfjorden
    Fjordcruise i spektakulære omgivelser i Nærøyfjorden
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    4878 x 3043, 10 MB
    Last ned
  • På Fretheim Hotel kan man holde Grønne konferanser
    På Fretheim Hotel kan man holde Grønne konferanser
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    5527 x 3109, 19.2 MB
    Last ned
  • Flåm opnar igjen 1. mai
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .docx
    Last ned

Relatert innhold

  • Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg sammen. Etablerer en av Norges største reiselivsaktører

    Etablerer en av Norges største reiselivsaktører

    Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg sammen. Det fusjonerte selskapet blir en av Norges største reiselivsaktører, med en årlig omsetning på 1 milliard kroner for alle tilknyttede selskaper, 500 helårs- og deltidsansatte og mer enn 1,2 millioner gjester i året. Selskapet planlegger å vokse videre etter coronakrisen.