Gå videre til innhold
Fulldrift gjev auka kapasitet i Myrkdalen Fjellheiser
Fulldrift gjev auka kapasitet i Myrkdalen Fjellheiser

Pressemelding -

​I dag opnar Storhaugekspressen: endeleg fulldrift i Myrkdalen Fjellheiser

Etter ei førjulstid prega av varmegrader og «stang ut» værmessig, har det endeleg blitt «stang inn» med både produksjon av kunstsnø og påfyll av natursnø i Myrkdalen. I dag opnar Storhaugekspressen og dette vil gje vesentleg betre kapasitet i skisenteret.

Auka kapasitet i skianlegget
Storhaugekspressen er den siste av totalt ni heisar i Myrkdalen som opnar, og såleis blir det fulldrift i skianlegget frå onsdag. Sekssetar heisen, som ligg lengst sør-vest i anlegget, har lik kapasitet som Myrkdalsekspressen, og dette er gode nyhende for alle skientusiastar. 

- Etter ein månad med svært begrensa antal dagskort for sal, er det herleg å endeleg leggja ut fleire dagskort i nettsalet vårt, seier Kaia Finne, forretningsansvarleg i Myrkdalen Fjellandsby.

På grunn av både Covid-19 restriksjonar og få heisar i drift har skianlegget kun hatt nokre få hundre dagskort ute for sal i starten av sesongen. – Det verste har vore å avvisa folk som ikkje har fått tak i heiskort, men folk har vist forståing for situasjonen og no blir det heldigvis betre tider framover, seier ein letta Finne.

Strøkne forhold
Kuldeperioden i starten av 2021 har vore optimal for produksjon av kunstsnø og no ligg det ein god såle i løypene for resten av sesongen. – Akkurat no er det strøkne forhold i Myrkdalen. Trakkemaskinførarane har gjort ein svært god jobb med å pakka ned snøen som kom førre helg, slik at fleire får oppleva flotte vinterdagar i Myrkdalen, seier dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser, John Ivar Norheim. 



Fjellstova Vetlebotn held ope onsdag – sundag
Den nye fjellstova i Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, utvidar opningstida frå helgedrift til fem dagar i veka. Med plass til ca. 200 gjester utvidar dette kafékapasiteten i Myrkdalen betrakteleg, og gjestene treng ikkje stå heile vegen ned att til sentrum for å ta seg ein pause eller matbit. – Her får ein både herleg utsikt og noko godt for ganen, avsluttar Finne.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

John Ivar Norheim

Dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheiser 916 18 095

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway