Gå videre til innhold
Den 8.mai kan de bli med på ein eksklusiv pressetur med det nye, utsleppsfrie og heil-elektriske fartøyet "Future of The Fjords"
Den 8.mai kan de bli med på ein eksklusiv pressetur med det nye, utsleppsfrie og heil-elektriske fartøyet "Future of The Fjords"

Pressemelding -

Invitasjon til pressetur med «Future of The Fjords»

Den 08.mai inviterar The Fjords og Flåm AS pressa til å ta del i ein eksklusiv pressetur med det nye utsleppsfrie og heil-elektriske fartøyet «Future of The Fjords» . Det nyskapande fartøyet er fyrste i verda av sitt slag, og set ein ny standard når det kjem til null-utslepp på passasjerfartøy. Den 42 meter lange båten er laga av karbonfiber, har ein makskapasitet på 400 passasjerar og vil starte sin daglege drift på ruta Flåm-Gudvangen-Flåm 15.mai. 

Beskyttar det sårbare miljøet

Båten vert drive av to elektromotorar på 585 hestekrefter kvar som får straumen levert frå ein batteripakke på heile 1.800 kWh. Det tilsvarar om lag 40 gongar så stor batterikapasitet som i ein typisk elbil.

- «Vision of The Fjords» var ein viktig utvikling for oss, men me hadde ambisjonar om å ta utviklinga eitt skritt vidare ved å byte ut dieseldrive elektrisk kraft med heil-elektrisk kraft, og dermed utrydde all støy og utslepp på heile ruta. «Future of The Fjords» gjer nettopp det, minimerar miljøpåverknaden samstundes som naturopplevinga for passasjerane maksimerast. Å endeleg få vist fram vårt nye fartøy er ein stor dag for oss, og for våre progressive eigarar Fjord 1 og Flåm AS», uttrykker Rolf Sandvik, CEO i The Fjords. 

Program 08.05.18

11:00: Buss Flåm – Gudvangen

11:30 Ankomst Gudvangen

11:30 – 12:30: Besøk i Vikinglandsbyen i Gudvangen, inkludert lunsj

12:30 – 13:00: Velkomen om bord og presentasjon av “Future of The Fjords” ved kaptein John Nauckhoff

13:00: Avreise med “Future of The Fjords”

14:00 – 14:15: The Fjords – historia og framtida ved Rolf A. Sandvik

14:15 – 14:30: Brødrene Aa ved Tor Øyvin Aa og Torstein Aa

14:30 – 14:45: Fjord 1v/ Arild Austrheim

14:45 – 15:00: Enova v/ Øyvind Leistad

15:00 – 15:30: Kaffepause

15:30 – 15:45: Bellona v/ Jan Kjetil Paulsen

15:45 – 16:00: DNV GL v/ Sverre Eriksen

16:00: Stopp i Undredal med moglegheit for avstigning og transport til Flåm.

16:00 – 16:15: Westcon v/ Frode Skaar

16:15 – 16:30: ServoGear v/ Torleif Stokke

16:30 – 16:45: TBA

16:45 – 17:00: Kaffepause

17:00 – 18:30: Spørjerunde

18:30: Ankomst Flåm

18:30: Innsjekk Fretheim Hotel

19:30: Apertiff i lobbyen på Fretheim Hotel

20:00: Middag på Restaurant Arven, Fretheim Hotel

Båtleverandør samt underleverandørar vil vera til stades om bord på «Future of The Fjords» heile dagen, og er tilgjengeleg for intervju.

Påmelding innan måndag 07.05. kl. 12:00.

Dersom de ynskjer å kombinere denne presseturen med ein tur med Flåmsbana, eller behøv overnatting, er me behjelpelig med å ordne dette. Meld gjerne også i frå om du ynskjer transport frå Flåm til Gudvangen, og om du ynskjer transport frå Undredal.

For påmelding til denne presseturen, og meir informasjon, kontakt:

Sofie Torlei Olsen, Marknadskoordinator, Flåm AS, Mobil: 97537358 epost: sofie.olsen@visitflam.com 

Emner

Kategorier

Regions


Flåm AS tilrettelegger reiser og mektige opplevelser i Flåm og omegn.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway