Gå videre til innhold
Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords

Pressemelding -

Norway’s Best Group blir eineeigar i The Fjords

Norway’s Best Group AS («NBG») kjøper Havila sin 50% andel i The Fjords og blir eineeigar i satsinga på spektakulære og berekraftig fjordopplevingar.

- Med 100% eigarskap i The Fjords vil NBG vere enno betre rusta til å realisere vår ambisjon som nasjonalt reiselivsselskap, innan både land- og sjøbaserte opplevingar. Vårt langsiktige mål er å etablere fleire heilskaplege reisemål i Norge, tilsvarande det vi har gjort i Flåm, seier Per Brochmann, konsernleiar i NBG.

The Fjords er eit selskap som kombinerer maritim industri og reiseliv gjennom innovative nullutsleppsfartøy med attraktive fjordbaserte reiselivopplevingar.

- Fjordaktiviteten er ein svært sentral og strategisk viktig del av verksemda til NBG. Då vi fekk anledning til å ta fullt eigarskap, vart det ein attraktiv moglegheit for oss til å auke vår eksponering innan norsk reiseliv. Samarbeidet med Fjord1 har vore avgjerande for å bringe denne satsinga til det den er i dag. Det er derfor med ei kjensle av audmjukheit, men likevel stor optimisme, at vi ser fram til å vidareutvikle The Fjords under fullt eigarskap, seier Brochmann.

- Det har vore utruleg spennande å vere med på satsinga rundt The Fjords, eit selskap som verkeleg har sett standarden for berekraftige reiseopplevingar i det vestnorske fjordlandskapet. Sjølv om vi kunne tenkt oss å vere med vidare i utviklinga av The Fjords, har vi forståing for at Norway’s Best Group ynskte å nytte forkjøpsretten. Vi er sikre på at dei vil ta The Fjords vidare på ein god måte og ynskjer all lukke til med vegen framover, seier Vegard Sævik i Havila.

The Fjords DA har fått svært mykje positiv merksemd, og motteke fleire prisar for sine tre innovative fartøy i Vision-klassen. To av desse går på Nærøyfjorden, medan det tredje fartøyet opererer i Oslofjorden. Selskapet har i tillegg aktivitet med to båtar i Geiranger og ein båt i Hardanger. John Vonli, som er dagleg leiar i The Fjords, vil halde fram i funksjonen.

For meir informasjon kontakt:


Per Brochmann

Konsernleiar i Norway’s Best Group AS

per.brochmann@norwaysbest.com

Tlf. 481 88 929

Vegard Sævik

Havila


vegard@havila.no


Tlf. 906 58 417


Om Norway’s Best Group

Konsernet Norway’s Best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, frå no av også 100 % av The Fjords og 50 % av selskapet som driv Flåmsbana. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Om The Fjords

Selskapet vart etablert av Flåm AS (no Norway’s Best AS) og Fjord1 i 2015, med mål om ta ein posisjon innan berekraftige reiseopplevingar i det vestnorske fjordlandskapet. Selskapet har i dag aktivitet i Nærøyfjorden, Geirangerfjorden, Oslofjorden og Hardangerfjorden.

Om Havila

Havila AS inngår i eit konsern med morselskapet Havila Holding AS. Havila Holding AS er eit familieeigd investeringsselskap og morselskap for ei rekke selskap innanfor ulike segment. Selskapet er eigd av Per Sævik saman med barna Njål Sævik, Hege Sævik Rabben og Vegard Sævik, som utgjer styret i selskapet . Havila Holding vart grunnlagt i 1997.


Emner


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Per Brochmann

CEO / Konsernleiar +47 481 88 929

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway