Gå videre til innhold
Feiring av 20 år med skiglede i Myrkdalen Fjellandsby.
Feiring av 20 år med skiglede i Myrkdalen Fjellandsby.

Pressemelding -

Trippeljubileum for Myrkdalen

Myrkdalen Fjellandsby har mykje å feire i år, og laurdag 17. desember er alle velkomne til jubileumsfeiring. Det er 20 år sidan fyrste spadetak vart satt i jorda for utbygginga, nær 20 år sidan det fyrste skitrekket stod klart og 10 år sidan Myrkdalen Hotel opna dørene. Det vert gode rabattar og moro for små og store.

-Me har bygd stein på stein, fortel reisemålsansvarleg Gro Hånes Lund. -Frå å vera ein rein vinterdestinasjon, er me no open 365 dagar i året med kjekke aktivitetar uansett sesong.

2 x 20 og 1 x 10 år

21. mai i år var det 20 år sidan første spadetak vart satt i jorda for utbygging av fritidseigedom, og før jul er det 20 år sidan dei fyrste hyttene vart overlevert til nye eigarar. Same året vart også mykje av infrastrukturen etablert, som vegar, kloakkreinseanlegg, vasspumpestasjon og telefonkablar.

-Me feirar også at det er 20 år sidan det fyrste skitrekket til Ondrahaugen opna, sjølv om det eigentleg opna i slutten av januar 2003, seier Hånes Lund.

Første utbyggingsavtale var for 355 einingar, og i tida som har gått frå dei fyrste hyttene er det no overlevert om lag 850 hytter og leilegheiter til skiglade folk.

Ikkje nok med at det vert feira to 20-årsjubileum, Myrkdalen Hotel feirar 10 år sidan det med sine 112 rom opna den 12.12.2012 kl. 12.00.

Frå vinter til heilårsdestinasjon

Sidan Ondrahaugstrekket opna med sine to tilhøyrande løyper, har det kome til saman 9 heisar og 22 løyper - og fleire er i planlegging. Myrkdalen har blitt ein kjent og kjær skidestinasjon for mange, spesielt på Vestlandet, men også utanfor landegrensene.

Familien har heile tida stått i sentrum og uansett kor tid på året ein kjem hit, vil det vera aktivitetar som passar alle alderssegment. Her kan mor få seg nokon svingar i fersk pudder i Vetlebotn, medan far og yngstemann kosar seg i barneområdet og tenåringen testar ferdigheitene i ein av parkane.

Etter at hotellet opna i 2012 har det blitt satsa på Myrkdalen som heilårsdestinasjon. Sykkel er satsingsområde i sommarhalvåret. Dei seinare åra er det bygd ein 850 kvadratmeter stor pumptrack i asfalt like utanfor hotellet, hopplinjer og terrengløyper for dei yngste eller nybyrjarar. Neste etappe av sykkelsatsinga er terrengløyper i Årmotslia, området som frå før er kjent som lysløype for langrenn og skiskyting.

Bli med på feiringa

Laurdag 17. desember blir det fest i dalen og alle er invitert! Passande nok, vert det denne dagen eit begrensa tal dagskort til berre kr. 20,-. Det vert også andre gode tilbod, mellom anna byr Myrkdalen Hotel på 30% rabatt på overnatting, Sport1 Myrkdalen har 20% rabatt på alle varer og i Fjellstova Vetlebotn får du 10% rabatt på mat og alkoholfri drikke.

Det blir elles eit spanande program med noko for alle:

Kl. 12.00: Gratis show med sauene Herborg og Hiri på Myrkdalen Hotel
Kl. 13.00: Gratis konsert med Tor Schei Hellesnes i Vetlebotn
Kl. 22.00: Gratis konsert med Bergen Bonanza i Pudder

Related links

Emner


Om konsernet Aurland Ressursutvikling

Konsernet Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

ARU eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

ARU er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway