Gå videre til innhold
VM 2021 i Vic, Spania - Fotograf: Gaute Ulltang
VM 2021 i Vic, Spania - Fotograf: Gaute Ulltang

Pressemelding -

Verdscupen i trialsykling kjem til Noreg for første gong

For første gong kjem UCI Trials World Cup, eller verdscupen i trialsykling, til Noreg. Og det skjer i den same kommunen som det første offisielle trialrittet i norsk historie vart arrangert, nemleg på Ekstremsportveko 2011 i Voss Herad.

Fotograf: Gaute Ulltang

Verdscuprunden går over tre dagar, frå 5.-7. juli, midt i hjarta av Myrkdalen. I området rundt Myrkdalen Hotel vil det bli fylt opp med hinder som dei beste trialsyklistane i verda skal bryna seg på. Ritthelga i Myrkdalen vil markera starten på den internasjonale 2024-sesongen, som blir avslutta med VM i Abu Dhabi i desember.

Initiativtakar og arrangør Eirik Ulltang har følgande å seie om verdscupen i Myrkdalen:

"Det blir spanande å organisere det første verdscuprittet i Noreg. Eg har arrangert nasjonale ritt sidan 2011, men ein verdscup er noko heilt anna. Etter å ha deltatt på nøyaktig 30 verdscupar sjølv, veit eg kva eg ønsker meg som utøvar, og dette er fokuset når eg no arrangerer. Eg ønsker å lage det beste arrangementet for syklistane, som eg trur igjen vil gje det mest underhaldande rittet for tilskodarane. Målet er å sjølv kunne delta i rittet, samt å få med meg eit par andre norske utøvarar òg. Då får me vist fram trial til eit breitt, norsk publikum, og kanskje fleire har lyst å starta med trialsykling."

Mykje meir enn verdscup

Verdscuphelga har som mål å vere eit komplett familiearrangement. Det vil vere Bornas Sykkelfestival, med barneritt og aktivitetar for dei minste, eit prøveområde for trial, og eit aktivitetsområde rundt pumptracken utanfor Myrkdalen Hotel. I tillegg blir det eit messeområde, med alt du kan tenka deg av nyttige ting for sykkel-, bil-, hytte- og huseigarar.

Arrangementet er gratis for alle tilskodarar, og vil foregå over tre dagar. Det startar fredag ettermiddag med første kvartfinale, og blir avslutta søndag ettermiddag med finalar. Fullt program kjem på Myrkdalen sine nettsider etter kvart.

Eit samarbeid mellom Myrkdalen og Eirik Ulltang

Arrangementet blir organisert i eit samarbeid mellom Myrkdalen, Eirik Ulltang og MOOW. Hardanger Sykkelklubb står som teknisk arrangør, ein klubb der Ulltang er leiar, og som har lang erfaring som arrangør av trialritt.

Målet er å få verdscupen til Myrkdalen på fast basis, og utvikle arrangementet i takt med at satsinga på sykkel aukar i åra framover.

Leiar i Myrkdalen Aktiv, Joar Wæhle, seier dette om den komande verdscupen:

"Vi er særs stolt over samarbeidet med Eirik Ulltang om å arrangere verdscup i trial i Myrkdalen. Dette arrangementet er viktig for oss i satsinga om å bli ein attraktiv heilårsdestinasjon. Vi har tidlegare hatt eit godt samarbeid med han om sykkelshow på Bornas Sykkelfestival. Myrkdalen vil kunne tilby ein kompakt arena med aktivitetar for alle, og korte avstandar mellom hotell, servering, sportsbutikkar, publikumsaktivitet og konkurransearena."



Om trial

Biketrial, trial, sykkeltrial eller trialsykling, er ei sykkelgrein der målet er å sykla opp, over, mellom og ned frå ulike hinder. Hindera kan vere alt frå ein murkant i byen til ei steinrøys i skogen.

I ein konkurranse skal ein sykla fleire hinderløyper, som blir kalla seksjonar, kor målet er å fullføra utan å røra bakken eller hindera med anna enn dekka på sykkelen. Kvar seksjon er delt inn i seks sektorar, der ein får 10 poeng for kvar sektor ein gjennomfører feilfritt. Klarar ein å fullføra heile seksjonen feilfritt, får ein dermed den maksimale poengsummen på 60 poeng. I kvar seksjon har ein maksimalt to minutt på å fullføra alle sektorane. Eit trialritt har som oftast fem seksjonar, som ein syklar to eller tre gongar totalt. Vanlegvis har ein mellom éin og tre timar på å gjennomføra alle seksjonane, litt avhengig av antall deltakarar i rittet. Vinnaren er han eller ho som har samla flest poeng.

Om Eirik Ulltang og MOOW

Eirik Ulltang er ein profesjonell trialsyklist. Han har vunne NM ni gonger og noregscupen samanlagt 11 gonger på rad. Hans beste internasjonale resultat er niandeplass i EM, 12.plass i verdscupen og 14.plass i VM. Eirik var den første til å hoppa mellom horna på Svolværgeita med sykkel, hoppa over Ridderspranget med sykkel, og å sykla opp heile stien til Preikestolen. Eirik grunnla MOOW SHOW i 2011, då under namnet Sykkelshow.

MOOW er eit firma som spesialiserer seg i tenester og underhaldning til arrangement. Hjå MOOW kan du booke alt frå spektakulære actionsportshow til eventfoto. MOOW er den einaste tilbydaren av denne kombinasjonen av tenester, og det einaste actionsportshowet med utøvarar frå trial, MTB/BMX freestyle og parkour i heile Norden.

Om Myrkdalen

Norway´s Best reisemål Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss Kommune, berre to timar frå Bergen, Sogndal og Geilo. Reisemålet er staden for familivenlege eventyr heile året. Som eit av landets mest snøsikre destinasjonar, er ski det openbare høgdepunktet på vinteren. På sommaren blir skikøyring byta ut med sykling, fjellturar, fiske og andre sommaraktivitetar.

Pressekontaktar:

Eirik Frantzen Ulltang (leiar MOOW og arrangør), tlf. 97022728, epost: eirik@moow.show

Joar Wæhle (Leiar Myrkdalen Aktiv), tlf. 975 17 350, epost: joar.wahle@myrkdalen.no

Related links

Emner


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway