Gå videre til innhold
Fjord1, Vy og eigarane i Aurland Ressursutvikling (Aurland Eige, Sogn Sparebank, Siva og Schage Eiendom) har signert prinsippavtale om felles reiselivsselskap.
Fjord1, Vy og eigarane i Aurland Ressursutvikling (Aurland Eige, Sogn Sparebank, Siva og Schage Eiendom) har signert prinsippavtale om felles reiselivsselskap.

Pressemelding -

Vil styrke norsk reiseliv med felles selskap

Fjord1, Vy og dei fire eigarane i Aurland Ressursutvikling har signert ein prinsippavtale der målet er å etablere eit felles selskap for reiseliv i Norge.

Prinsippavtalen er første steg for å samle alle reiselivsselskapa under eit felles eigarskap. Ei slik samling vil omfatte selskapa Aurland Ressursutvikling (ARU), Fjord Tours Group, Flåm Utvikling (Flåmsbana) og The Fjords.

Det har vore diskusjonar mellom partane over lengre tid, og med prinsippavtalen har partane fått på plass eit felles grunnlag for å jobbe vidare fram mot målet. Partane er samde om at ei samling er eit riktig strategisk grep som vil gi auka styrke til selskapa og til norsk reiseliv. Utfordringane som pandemien har skapt for reiselivet underbygger at ei konsolidering er nødvendig for å gi kraft til omstilling, utvikling og ny vekst, og ta den leiande posisjonen som partane ynskjer.

Vidare arbeid fram mot ein eventuell transaksjon omfattar ulike økonomiske og juridiske vurderingar hjå alle partar, og forhandlingar om endelege avtalar. Prosessen er forventa å ha ei avklaring før årsskiftet.

Om selskapa som vil inngå i samlinga
Aurland Ressursutvikling (ARU) er eigd av Siva Eiendom Holding (36,5%), Aurland Eige (30,8%), Schage Eiendom (23%) og Sogn Sparebank (9,7%). ARU har sidan slutten av 90-talet bygd opp Flåm som eit heilskapleg internasjonalt reisemål. ARU og dotterselskapet Norway's best AS har ei nasjonal satsing på reiseliv og eit sterkt sal- og marknadsapparat. Myrkdalen Fjellandsby vart innfusjonert i ARU i 2020.

Fjord Tours Group er eigd av Fjord1 og Vy med 50 prosent kvar, og er eit selskap der Fjord1 og Vy satsar saman på berekraftig reiseliv. Fjord Tours Group eig 74 prosent av Fjord Tours AS, der ARU og Tide eig dei resterande aksjane. Fjord Tours er spesialist på berekraftige rundreiser med kollektivtransport, og har utvikla ein moderne digital plattform der turistane sjølve kan sette saman kollektivtransport, overnatting og aktivitetar.

Flåm Utvikling er eigd 50 prosent kvar av ARU og Vy. Selskapet har sals- og marknadsansvaret for Flåmsbana. Vy er togoperatør. Flåmsbana er ein av Noregs største turistattraksjonar.

The Fjords er eigd 50 prosent kvar av ARU og Fjord1. Selskapet har ein sterk posisjon innan miljøvenlege fjordopplevingar, og har blant anna tre nyskapande og prisvinnande batteridrivne fartøy.

For meir informasjon kontakt:

Øyvind Hasaas
Styreleiar i ARU
oyvind.hasaas@hasaasconsulting.no
915 10 014

Synne Homble
Styreleiar i Fjord Tours Group
synne.homble@vy.no

975 10 628


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway