Skip to main content

Familieopera og julekonsert på haustrepertoaret

Nyhet   •   aug 28, 2019 16:08 CEST

Det kunstnariske teamet i Hans og Grete: Jeff Pedersen, Åse Hegrenes, Michael Pavelich, Marianne Thallaug Wedset, Anndi Bergset, Candice Bredesen, Gareth Taylor, Ingunn Schumann Mosand


Det kunstnariske teamet i operaen Hans og Grete har store planar for årets hovudproduksjon og lovar ein ekte eventyropera med magi, skrekk og gru, humor, mykje glede og uvanleg vakker musikk! Og sjølvsagt endar det bra; Heksa vert overvunnen av Hans og Grete, og alle peparkakene vert igjen til levande born!


Jeff Pedersen (regissør), amerikansk skodespelar og regissør, flytta til Noreg i 2011 og har tidlegare vitja opera Nordfjord som kampsportinstruktør for Søner av Sola i 2014 og som stunt-skodespelar, då han i fjor tok over rolla som Rodolfo saman med tenor Eivind Kandal i La Bohème . Han driv sitt eige teaterproduksjonsselskap, Jeff Pedersen Produksjonar og har nyleg sett opp Det Gule Tapetet på Harastølen og Staveneset.Krig i ei hole på Staveneset. Jeff er også utdanna scenekampinstruktør og har koreografert mange teaterstykke, filmar, videospel og operaer.

Michael Pavelich (dirigent), kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord sidan oppstarten i 1998, er godt kjend for Opera Nordfjord sitt publikum. Han gler seg til endeleg å få dirigere Humperdinck sin vakre eventyropera, eit ønskje han har hatt i mange år. Hans og Grete vert Pavelich sin 22. operaproduksjon med Opera Nordfjord. I tillegg har han bak seg ei lang rekkje konsertar og musikalar som dirigent og regissør gjennom dei siste åra. Michael er kunstnarisk og musikalsk leiar for dei årlege skulemusikalane ved Eid vidaregåande skule. 

Åse Hegrenes (scenograf/kostymedesignar) har tidlegare hatt oppdrag for Opera Nordfjord på Flaggermusen i 2013 og Sildagapet i 2017. Ho er utdanna ved Nordiska Sceniografiskolan  Finland/Sverige og har hatt design for ei rekkje prisvinnande produksjonar, mellom anna Hellemyrsfolket og  Dyveke ved DNS, Jeppe på Bjerget for Det Norske teatret, Trollbyen for Oslo Nye Teater, Dødsvariasjonar for Nationaltheatret, Dukkehjem og Medmenneske på Rogaland Teater og Saman skal vi leve for Sogn og Fjordane Teater. 

Marianne Thallaug Wedset (lysdesignar), som  vitjar Opera Nordfjord for første gong,  er utdanna lysdesignar ved California Institute of the Arts. Hennar erfaring som lysdesignar omfattar dei fleste sjangrar og arenaer innan scenekunst. Ho har gjort lysdesign for alt frå teater i parkane i Stockholm og utescener i Burkina Faso til konsertar og forestillingar i Nidarosdomen og figurteater i Lofoten. Marianne var lysmeister og designar ved Drottningholm Slottsteater i ti år. Dei seinare åra har ho også undervist i teater- og lysdesign.

Candice Bredesen (koreograf) er utdanna i England og har arbeidd internasjonalt med koreografi innan fleire dansesjangrar. Ho har vunne The Dancing Times korografi-konkurransen i London og har arbeidd med medlemmar ved The Royal Ballet og The Lewis ballet Company. Candice kom til Nordfjordeid i 2005 og starta Eid Ballettskule, som no er ein del av Kulturskulen i Eid. Ho har hatt ei rekkje koreografioppdrag for Opera Nordfjord og har koreografert alle skulemusikalane ved Eid vidaregåande skule.  

Gareth Taylor (regiassistent) frå England er frilans skodespelar og movement director og er Head of Movement ved Alra Drama School i London. Han er utdanna ved Guildford School of Acting i England og studerte ved den prestisjetunge teaterskulen Jacques Lecoq i Paris. Gareth har arbeidd saman med Jeff Pedersen i mange produksjonar i Noreg, som han ser på som sitt andre heimland.

Ingunn Schumann Mosand (maskør) er utdanna frisør og har sveinnebrev frå Den Norske Opera & Ballett som maskør og parykkmakar. Ho har vore  tilsett som maskør  ved Den Norske Opera & Ballett, Kungliga Operan i Stockholm og ved Nationaltheatret, der ho var maskør på Karsten og Petra - alle vil ha en bestevenn, Den stundesløse, Reisen til julestjernen, Nostalgi 2175 og Marispelet i 2013 og 2017.

Anndi Bergset (rekvisitør) kjem frå USA  og  har vore busett på Ulvedal i Stryn Kommune sidan ho kom til Noreg i 2013. Ho fekk sin bachelorgrad i kunsthistorie frå Gustavus Adolphus College i Saint Peter i Minnesota og mastergrad i teaterdesign frå Tulane University i New Orleans i Louisiana. Ho har hatt ei rekkje oppdrag for Opera Nordfjord, både som rekvisitør og som scenemeister.


Solistlaget for Hans og Grete: Oppe frå venstre: Marika Schultze (Hans), Vibeke Kristensen (Grete), Trond Halstein Moe (Faren), Siv Oda Hagerupsen (Mora), David Fielder (Heksa) og Elisabeth Gimmestad (Duggfe/Jon Blund)

Solistlaget i Hans og Grete har lenge sett fram til første felles øving, og måndag 2. september går startskotet for dei første regiprøvene i operahuset i Bjørvika, før dei set kursen vestover og møter kor og dansarar på Nordfjordeid 14. september. Det kunstnariske teamet og dei lokale dugnadsgruppene er i gang med å førebu kulisse-,  kostyme- og lysarbeid, og dei neste seks vekene vert det nedlagt tusenvis av timar for å få produksjonen sceneklar til premieren onsdag 2. oktober. 

Heile åtte framsyningar vil gi nærmare fire tusen publikummarar ein sjanse til ei stor oppleving. Det er billettar tilgjengeleg til alle framsyningar på www.operanordfjord.no. lat ikkje sjansen gå frå deg til å nyte Humperdinck sin vakre musikk og Brødrene Grimm sitt folkekjære eventyr gjennom tolkinga til våre solistar, dansarar, koristar og vårt profesjonelle operaorkester. 34 born og ungdommar frå heile Nordfjord deltek i dans og kor, så operaen passar svært godt både for eit trena og utrena operapublikum, både vaksne operakjennarar og born som aldri har vore på opera før - velkomen til kvar og ein!

DEN STORE JULEKONSERTEN

Solistar: Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich

Endeleg - i desember kan Opera Nordfjord for aller første gong innby til sin eigen julekonsert! Den store julekonserten er operaen si førjulsgåve til publikum, med dei vakraste av våre kjende og kjære julesongar, både norske og internasjonale favorittar. På scena i Operahuset Nordfjord møtast eit stort, profesjonelt symfoniorkester, eit samansett kor frå heile regionen og solistane Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich. Lise er kjend for operapublikume i Nordfjord for si rolle som Pamina i Tryllefløyten i 2011. Ho kjem opprinneleg frå Dovre, men er busett i Oslo, der ho arbeider som frilans songar og songpedagog.  Alexander har vakse opp i Opera Nordfjord som slagverkar, korist og i mindre roller  i ungdomsåra til han no kjem tilbake som artist, kjend frå banda I Emma Jedi,  Lovespeake og seinast som ein av deltakarane i Stjernekamp i 2018.

Michael Pavelich er som vanleg kormeister og musikalsk leiar og gler seg til å presentere sin favoritt-julemusikk! 

Sjå elles vidare info på www.operanordfjord.no eller følg oss på https://www.facebook.com/operanordfjord/


Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.