Gå videre til innhold
Art work used by kind permission of ZeniMax Media.
Art work used by kind permission of ZeniMax Media.

Nyhet -

SAGAS vert flytta til november

Endeleg skal publikum få oppleve den fantastiske orkestermusikken frå kjende fantasy-filmar! Opera Nordfjord nektar å gi opp og flyttar turnéen for andre gong, no til november, for å kunne gjennomføre konsertane som planlagt, med stort kor, stort orkester, solist og konferansier.

Opprinneleg skulle filmmusikk-turnéen gjennomførast våren 2020, men måtte utsettast eit år på grunn av korona-pandemien. For å sikre musikarane inntekter i inneverande år, har operaen klart å finne plass i veke 45 og har endåtil lagt til ein ny konsertarena, med Trivselshagen som ny turnédestinasjon.

Korsong har ikkje stått høgt i kurs dette siste året på grunn av stor smittefare ved song, men med utsetting til hausten, og etter effektiv vaksinering over heile landet,  vonar ein å igjen kunne samle eit stort felleskor frå musikklinja ved Firda vidaregåande skule og operakoret til samsong og samspel.

Det er ei glede å ønskje tilbake den svenske sopranen Sabina Zweiacker, som gledde publikum med si vakre stemme på SCORE i 2018. Konferansier og dirigent vert Michael Pavelich.

Publikummarar som allereie har kjøpt billettar vil få tilbod om å behalde dei med overflytting til ny dato, og dei som ikkje har høve til, eller ikkje ønskjer å nytte billettane, vil få tilbod om full refusjon.

Opera Nordfjord ønskjer velkomen til episke opplevingar med vakker musikk frå kjende fantasyfilmar, som til dømes Harry Potter, Game of Thrones og Narnia - i tillegg byr ein på utdrag frå Carmina Burana og det populære dataspelt Skyrim. 

Score og Opera Nordfjord tok publikum med storm våren 2018 og garanterer igjen høg gåsehudfaktor, ellevill speleglede og episk korsong når dei reiser ut på vegen for å mette eit forhåpentlegvis sultefora publikum!

Emner

Regions

Pressekontakt

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226