Gå videre til innhold
Solistar: Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich
Solistar: Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich

Pressemelding -

Nedtelling til Den store julekonserten

Opera Nordfjord slår bokstaveleg tala på stortromma når dei innbyr til Den store julekonserten 6. og 7. desember. JULESTEMNING er stikkordet, og repertoaret byr på både kjende og kjære norske julesongar, engelske carols og den amerikanske juledraumen. Solistane Lise Granden Berg og Alexander Standal Pavelich, dirigent og konferansier Michael Pavelich, kor og orkester er klare til dyst!

Vi har alle våre musikalske julefavorittar, og i Den store julekonserten ønskjer Opera Nordfjord å gjere alle til lags! Sjølvsagt er Jakob Sande sin nydelege julesong med; Det lyser i stille grender vert framført i ei ny, musikalsk drakt i eit arrangement spesialskrive for Opera Nordfjord av Helge Sunde. 

Jens Wendelbo sitt storband-inspirerte Musevisa-arrangement er eit fyrverkeri, der både orkesteret og lokale solistar får glitre. Dei unge koristane Ane Fitje Woxen og Åsaliv Røgeberg frå Gloppen og Ida Bredesen, Kaisa Flaten Brekke og søstrene Tuva og Nora Nyhammer-Taklo frå Eid er solistar i Musevisa, og det vert garantert nokre dansetrinn på scena når desse unge song- og dansetalenta får sleppe til.

Lise Granden Berg er solist i nydelege The Christmas Song, Karen Carpenter sin slager Merry Christmas, Darling, eit både vart og mekltig arrangement av Deilig er jorden av Petter Winroth og i Maria Mena sin kjende Home for Christmas.

Alexander Standal Pavelich har fleire amerikanske favorittar på sitt repertoar; White Christmas og The Most Wonderful Time of The Year er sjølvskrivne innslag,  begge i nydeleg orkesterarrangement av Helge Sunde. Nordnorsk Julesalme er kjend og kjær for mange, likeeins Nå tennes tusen julelys.

Publikum får oppleve solistane  i O Helga Natt og The Prayer - det er berre å gle seg!

Koret byr på både Halleluja-koret og vakre The World For Christmas av The Real Group, i tillegg til å delta på fleire av solistane sinne innslag. Orkesteret opnar heile konserten med Nordisk Julemedley, eit spesialskrive arrangement  av Håkon Berge skrive for Oslo Filharmoniske Orkester. 

Det er første gong Opera Nordfjord innbyr til julekonsert i operahuset - det vert garantert ikkje siste. ENDELEG skal operamusikarane, operakor og solistar framføre dei vakraste julesongane, muntert bundne saman av konferansier Michael Pavelich i Den store julekonserten - velkomen til store og små!

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge