Pressemelding —
Pensjonistforbundet er bekymra for konsekvensane av lærarstreiken
Landsstyret i Pensjonistforbundet ser med aukande uro på dei konsekvensane lærarstreiken får for stadig fleire barn og unge. I ei fråsegn ber dei KS ta ansvar og bidra til å finne ei løysing:
"Landsstyret i Pensjonistforbundet ser med aukande uro på dei konsekvensane lærarstreiken får for våre barn og unge. Lærarar med godkjend lærarutdanning er nødvendig for å ivareta ein god skule for alle elevar.
Det er alvorleg når barn og unges utdanningstilbod vert svekt og elevane ikkje får den utdanninga dei har krav på. Det er alvorleg om vi mister fleire lærarar og om rekrutteringa til yrket vert stadig dårlegare.
Framtidas skule og elevane treng gode og motiverte lærarar. Som arbeidsgjevar må KS ta ansvar, bygge tillit og bidra til å skape løysing i ein fastlåst sitiuasjon."
Emner
- Borgerinnflytelse
Kategorier
- pensjonistforbundet
Pensjonistforbundet er landets største organisasjon for pensjonister og uføretrygdede med nær 250 000 medlemmer. Vi jobber for at alle skal kunne leve aktive, gode og trygge liv, hele livet. Jan Davidsen er forbundsleder.