Pressemelding -
Billettfond for ideelle organisasjonar
Kavlifondet og Det Norske Teatret opprettar billettfond for at fleire skal kunne få ta del i gode teateropplevingar.
Det Norske Teatret har ein aktiv strategi for å ha eit mangfaldig publikum og inkluderande profil. Det er også eit viktig demokratisk prinsipp at alle skal ha tilgong på gode kulturopplevingar. - Å delta i kulturlivet styrker kjensla av å høyre til, seier teatersjef Erik Ulfsby. - Derfor er vi svært nøgde med at Kavlifondet ønskjer å samarbeide med oss om å senke terskelen for ein tur i teateret for dei som ikkje elles hadde hatt høve til dette, understrekar Ulfsby. Han legg til at teateret er ein viktig del av kulturarven og ein fin møteplass for utveksling av tankar og idear. - Samtidig vil eit teaterbesøk gi rom for å kople av frå kvardagen og hente energi og inspirasjon. Det treng vi alle.
Teater for alle
- Det er med stor glede vi inngår denne støtteavtalen med Det Norske Teatret. Kavlifondet har som mål å bidra til å gjere kulturopplevingar tilgjengeleg for folk. Vi er glade for at fleire nå kan nytte seg av Det Norske Teatrets tilbod, seier dagleg leiar Inger Elise Iversen frå Kavlifondet. Støtten vil innebere 250.000 kroner årleg, med intensjon om eit langsiktig samarbeid. Organisasjonar kan søke om billettar til alle teaterets framsyningar, både for barn, ungdom og vaksne. I tillegg kan ein søke om søtte til omvisingar på huset eller praktisk teaterverkstad.
Kavlifondet
Kavlifondet eig Kavli og Q-Meieriene og har i meir enn 50 år delt ut pengar til allmennyttige formål. Alt overskot blir gitt til humanitært arbeid, forsking og kultur. Målet er å skape ringverkingar i folk sine liv, både for enkeltmenneske, i lokalsamfunn og i storsamfunnet. I 2018 delte Kavlifondet ut til saman historiske 131 millionar kroner til gode formål. Kvar gong ein kjøper eit produkt frå Kavli eller Q-Meieriene, gir ein eit bidrag til ein god sak.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.