Gå videre til innhold
Her er våren 2020 på Det Norske Teatret

Pressemelding -

Her er våren 2020 på Det Norske Teatret

I dag la Det Norske Teatret fram eit rikhaldig og variert program for våren 2020. Klassikarar i moderne tolkingar, Brechts Tolvskillingsoperaen lagt til ei tenkt framtid, Jan Grønlis avskjedsframsyning og nyare dramatikk pregar teaterscenen denne våren.

Først ut på Hovudscenen er Kirsebærhagen i Johannes Holmen Dahls regi med premiere 25. januar. Godseigarinne Ranévskaja og familien er bankerott. Likevel held festen fram. Stykket illustrerer ei verd i endring, der den gamle eliten står for fall, og nye verdiar veks fram.


Men det er ikkje berre Tsjekhovs klassikar som blir løfta fram denne våren. I 2020 er det 100 år sidan Jens Bjørneboe blei fødd og på Det Norske Teatrets Scene 2 er Ivica Buljan invitert til å dramatisere og setje opp Bestialitetens historie med vekt på Kruttårnet. Han var sist noregsaktuell med Den siste kongsfesten – ei framsyning som vekte stor merksemd for si ekspressive form. Denne gongen lovar Buljan også a crazy performance with a lot of sex and violence.


Vårløysing skal også opp på Scene 2. Miriam Prestøy Lie på regi tar for seg ungdomstida. Ei tid breiddfull av kjensler, draumar, nysgjerrigheit og fridomslengt. Det er usikkerheit, skam og opprør. Frank Wedekinds klassiske drama handlar om retten til fridom, i ei tid der det blir stadig viktigare å vere kritisk til dei sanningane vi blir serverte.

I Ibsens Villanda følger vi Hedvig – fjortis og med kameraet som sitt viktigaste verktøy for å kommunisere med omverda. Kven er eigentleg Hedvig under alle laga med sminke? Lars Erik Holter vil ta utgangspunkt i Ibsens klassiske tekst for å forske i forholdet mellom foreldra og tenåringsbarnet.

Og med Kong Lear takkar ein nestor ved Det Norske Teatret av som fast tilsett. Jan Grønli skal portrettere kongen som ikkje klarer å gi frå seg makta den dagen han er klar for å trekke seg tilbake. For regissør Tatu Hämppi Hämäläinen er Kong Lear eit bilde på å bli gamal. Korleis påverkar det sjølvbildet vårt når vi av omverda blir reduserte til ein alder? Aldringas sårbarheit er tema i dette klassiske Shakespearianske dramaet.

Edvard Hoems første roman i den store slektskrøniken om Nesje-slekta finner vegen til scenen. Slåttekar i himmelen blir dramatisert og sett i scene av Bentein Baardson med premiere på Hovudscenen 7. mars. Samarbeid med Teatret Vårt i Molde.


Og så rundar vi av vårsesongen med Tolvskillingsoperaen der Tore Vagn Lid skal ha regi. Her kan vi vente ein konseptuell vri når handlinga blir lagt til den nye norske fjellheimen i ei tenkt framtid. Hordar av turistar har funne vegen dit ettersom byane er overfylte, snøen er blitt mangelvare og sjølv buss for tog har havarert i vegkanten. Men for dei som handlar med alt og alle, er dette i grunnen godt nytt, sidan det no er pengar å tene i kvar ei snødekt li.Fleire og fleire arbeidsoppgåver er tatt over av menneskas intelligente løysingar og med denne endringa reiser det seg nye etiske og moralske spørsmål – spørsmål som går rett inn i den brechtianske undringa; kven er den største forbrytaren? Han som oppretta banken, eller han som rana han?


I Kjersti Horns regi kjem Sara Kanes Sprengd opp på Scene 3. Horn er kjent som ein uredd regissør som ikkje går av vegen for å ta tak i dei mørkare drivkreftene som bur i oss menneske. I Sprengd er ho fascinert av den smerta som ligg i karakterane, og korleis denne kjem til uttrykk.

På Rommen Scene tek regissør Peer Perez Øian opp temaet moderne slaveliv i eit stykke som formidlar dette ubehagelege faktum med brodd og humor. Tittelen på stykket er rett ut Slaveliv. Heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den urett som ikkje rammar oss sjølve.

Også for dei aller minste blir det møte med ein moderne klassikar denne våren – Jakob og Neikob og Alle andre. Basert på to motsetnadar klarer skaparen av dei to sjarmerande karakterane å seie noko eksistensielt om det å vere menneske, på eit nivå som treffer dei aller minste – og foreldra deira. Denne gongen har Neikob mista grepet totalt. Bollane er brende, mjølet ligg strødd utover. Ikkje berre har dei fått ein mystisk, ny nabo som forstyrrar harmonien – i tillegg har Neikob funne ut noko nytt om seg sjølv: han er annleis.


Les meir på nettsidene våre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge