Gå videre til innhold
Illustrasjon: Stian Hole/Samlaget
Illustrasjon: Stian Hole/Samlaget

Pressemelding -

Korleis leve med å ha mista sitt einaste barn 22. juli

For første gong tek Det Norske Teatret 22. juli-problematikk til scenen med ei dramatisering av Brit Bildøens kritikarroste roman Sju dagar i august.

SJU DAGAR I AUGUST
AV BRIT BILDØEN
URPREMIERE 1. APRIL KL. 18.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET


Hausten 2011 la Det Norske Teatret om repertoaret etter hendingane 22. juli. Shockheaded Peter, som var tenkt som ei hovudsceneoppsetjing, blei utsett, medan Svein Tindbergs Abrahams barn blei flytt frå Scene 2 til Hovudscenen. Ei framsyning som framleis står på repertoaret. Same haust var teatersjef Erik Ulfsby ute og kritiserte den danske dramatikaren Christian Lollikes dramatisering av ABBs manifest, som også blei vist på Dramatikkens hus. 

Den nasjonale sørgeperioden er no eit tilbakelagt stadium, vi har lagt rosetog og Barn av regnbuen bak oss. Men for mange av dei som blei direkte råka, går ikkje marerittet over. No er tida inne for å ta inn over oss korleis etterdønningane etter 22. juli framleis er med på å prege liva våre og ta tema som berører dette nasjonale traumet til scenen.

Å leve med sorg

Hovudpersonen Sofie har mista sitt einaste barn 22. juli. Dette blir ho minna om kvar dag. Kvar dag blir bildet av tenåringsdottera litt mindre klart. Kvar dag mistar ho ein ny bit av henne. Tida gjer sorga mindre, men også større. Samstundes som angsten tiltar i styrke, hender det også små og store katastrofar rundt Sofie. Eit stort uvér bygger seg opp, naturkatastrofar er ikkje lenger noko som hender andre stader i verda, men i Noreg og i hennar nabolag på Tøyen. Kor lenge kan ein dele sorga, og når er det ein begynner å leve åleine i si eiga sorg?

Sorg som ikkje går over

I nyheitene den siste tida har ein kunna høyre om etterlatne som ikkje har fått den hjelpa dei har trengt i kjølvatnet av katastrofen som ramma for 6 år sidan. For Sofie i Brit Bildøens prisvinnande roman Sju dagar i august, har ikkje sorga lagt seg. Den ligg der konstant som ei fysisk smerte. Ho kler seg framleis i svart, ho opplevast som hard og streng av omgivnadene. Folk rundt henne ønskjer å hjelpe, men vil aldri kunne forstå korleis ho har det. Ho gjekk til psykolog ein gong, men meinte det ikkje var noko for henne. Likevel heimsøker marerittet henne kvar dag. Kvifor tok ikkje dottera telefonen når ho ringte? Kvifor ringte ho ikkje til henne? Kva var det siste ho såg før ho døydde der på Utøya?

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge