Nyhet -

Førdefestivalen med eigen festivalvott

Førdefestivalen har kasta seg på strikkebølgja, og laga sin eigen festivalvott, trass i at festivalen altså foregår midt på sommaren!

Det heile er ganske tilfeldig, og det byrja med at festivalen sin designar, polske Piotr Pucylo, brukte korssting då han laga årets festivalprofil. Temaet for Førdefestivalen 2021 er HEIME, sidan festivalen i år berre har artistar som er busette i Norge. -Plakaten liksom ‘ropte’ på handarbeid, både broderi og strikking, og i kontakt med Sybutikken Sting for Sting i Førde, kom ideen om festivalvott opp, seier Torill Faleide, kommunikasjonssjef ved festivalen. -Ei veke eller så seinare fekk festivalen bilde av ein ferdig vott, og no har opphavskvinna bak votten, Heidi Aas, teikna ut eit flott mønster av den fine votten. Heidi Aas er ein lidenskapleg strikkar. Ho har sin eigen videoblogg der ho snakkar om strikking og deler sine strikkeerfaringar med følgjarane sine. Mønsteret til festivalvotten kan lastast ned gratis frå Førdefestivalen si heimeside fordefestival.no - eller frå strikkesida Ravelry.com (gratis å opprette brukar). 

Festivalen håpar mange vil strikke desse fine vottane, og ber folk om å legge ut bilde på instagram og facebook og merke dei med emneknaggane #festivalvott og #førdefestivalen. Dei håpar å sjå mange fargerike og personlege versjonar av den utover våren, men kryssar fingrar for at det ikkje skal bli bruk for vottar under festivalen i juli!

-Årets festivalplakat design triggar litt på handarbeidslysta hos folk, og i desse koronatider er det jo slik at vi held oss mykje heime. Det er faktisk ikkje berre strikking som er på mote, men sying og brodering har også ein oppsving i følgje Heidi Aas og dei andre på Sybutikken Sting for Sting, seier Faleide. Ho og festivalen har fleire idear, så det vil truleg dukke opp meir heime-prosjekt frå festivalen utover våren. 

Lenkje til mønster på festivalvotten: https://bit.ly/3tY2pgU

Related links

Emner

  • Kunst, kultur, underholdning

Kontakter

Torill G. Faleide

Pressekontakt Kommunikasjonssjef +47 90 73 85 27