Gå videre til innhold
Jan Olav Gatland er aktuel med boka «Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar».
Jan Olav Gatland er aktuel med boka «Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar».

Pressemelding -

Jan Olav Gatland hentar fram banebrytande rikspornograf i ny bok

Eit underhaldande portrett av ein av våre mest radikale folkeopplysarar, som hadde seksualitet, openheit og kulturkamp på agendaen.

I Lars Berg: Rikspornograf og kulturforkjempar tek Gatland oss med på ei reise frå Lars Bergs oppvekst på fiskebåt i Tromsø, til eit tilvære som musikkglad lærar og grunnleggjar av Hålogaland teater, og mest sentralt: som forfattar i Oslos kulturradikale miljø. Med sine realistiske og dristige romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø, stod Lars Berg i spissen for 1930-åras folkeopplysning om eit tema få tore å ta tak i: seksualitet. 

Forfattaren Berg blei skulda for «spekulasjon i råskap og et skittent fantasiliv» og fekk slik tilnamnet rikspornograf. For si tid var han truleg langt dristigare enn Agnar Mykle 20 år seinare. Bøkene hans om seksuell appetitt og impotens vart storseljarar, og Berg slo seg etter kvart opp som ein som for alvor ville gjere slutt på skamkjensla knytt til seksualitet.

Dei siste åra har openheit og seksualitetsangst jamleg vore tema for viktige debattar i media. Gatlands bok er, i det høvet, ei dagsaktuell undersøking av ein banebrytande kulturprofil sitt liv og virke.

Jan Olav Gatland (f. 1949) er pensjonert førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar og omsetjar og skrive fleire bøker om litteratur og teater, som Ord og orgasme: Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu: Eit diktarliv (2008). Det var då Gatland budde seks år i Tromsø på 1980-tallet, at han for alvor stifta kjennskap til kulturforkjemparen Lars Berg. Gatland er fødd og oppvaksen på Osterøy og bur i Bergen.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO