Gå videre til innhold
Gunnar Grytås er aktuell med boka «Dødsleia og livsnerven».
Gunnar Grytås er aktuell med boka «Dødsleia og livsnerven».

Pressemelding -

Gunnar Grytås med ny bok om krigsforlis på norskekysten

Forfattar Gunnar Grytås meiner den nasjonale forteljinga om dei store tapa i heimeflåten, og dei sivile redningsaksjonane, må fram i lyset.

Dødsleia og livsnerven er ei skakande forteljing om tapet av 1300 norske sjøfolk, passasjerar og fiskarar i heimeflåten under den andre verdskrigen. Skipsleia var ein av dei farlegaste stadane for sivile nordmenn frå 1940 til 1945, men samstundes ein viktig «riksveg» mellom kystsamfunna. Med til saman 237 skipsforlis langs norskekysten, i snitt eit forlis i veka, var heltemodig innsats frå sivile kystfolk avgjerande for at dødstala i heimeflåten ikkje blei høgre.

I boka byr Grytås på historier om nordmenn som sjølv kjende sjøkrigen på kroppen, òg frå dei som hadde ein far som omkom, eller ein bror som ved eit mirakel vart berga.

Forfattaren argumenterer for at dei store tapa i heimeflåten er ei nasjonal krigshistorie norske myndigheiter i stor grad har lagt lokk på. Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var heller ikkje ueinig i dette, då han kommenterte tematikken i boka i Helgemorgen på P2 sist søndag.

– Det at ei så stor hending er så ukjent, kan tyde på det, sa Bakke-Jensen, som likevel ikkje kunne love ei offentleg orsaking.

Gunnar Grytås (f. 1949) er forfattar og journalist og har mellom anna arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri og kysthistorie. I 2014 gav Grytås ut den kritikarroste boka Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma fiskevær.

Emner

Kategorier

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO