Gå videre til innhold
Ny hagebok; "Små hagar" av Lisbeth Dreyer

Pressemelding -

Ny hagebok; "Små hagar" av Lisbeth Dreyer

Boka Små hagar er ei hagevandring full av inspirasjon og tips!

Bla i boka her: https://issuu.com/detnorskesam...

Bli med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer på ei hagevandring utanom det vanlege. Folka du møter i boka, har stor glede av å skape særeigne, miljøvennlege, frodige og fantastiske hagar på liten plass.

Du finn også tips til korleis du kan skape grøne korridorar for bier og insekt, råd om kompost, korleis lage jord og så frø sjølv. Du treng ikkje store plassen for å dyrke urter, bær og grønsaker.

Små hagar
er full av flotte bilde av overraskande, fantasifulle og vakre hagar du kan nyte - og som kan inspirere deg til å gjere det grønt og vakkert der du bur!

Lisbeth Dreyer
er forfattar, fotograf og filmskapar frå Bergen. Ho har mellom anna laga dokumentarbøker, barnebøker og kortfilmar. Ho har også vore hageskribent og hagefotograf i mange år og meiner at hagar er viktige både for folkehelsa og omgjevnadene våre.

Emner

Regions


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO