Gå videre til innhold
Språkvitar Kristin Fridtun klar med boka "Kunsten å irritera seg over skrivefeil"

Pressemelding -

Språkvitar Kristin Fridtun klar med boka "Kunsten å irritera seg over skrivefeil"

Språkvitar Kristin Fridtun er snart ute med ei overraskande bok om velkjent irritasjonsmoment.

Lanseringsarrangement på Facebook 22. april: https://www.facebook.com/event...

Me kommuniserer meir gjennom skrift enn nokon gong, samstundes som evna og viljen til å fylgja rettskrivingsreglane varierer.

Nokre menneske blir svært opprørte når dei støyter på skrivefeil, medan andre tek det heilt med ro. Kvifor reagerer me så ulikt? Kva hender i hjernen når me støyter på skrivefeil? Har personlegdomen vår noko å seia for korleis me reagerer? Og korleis går me fram dersom me vil bli kvitt irritasjonen?

I den nye boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil har Fridtun sett seg føre å svara på desse spørsmåla. Ho grev i faglitteraturen, dukkar ned i kommentarfelta, fretter ut irritable språkbrukarar og granskar irritasjonen frå ulike sider. Ho finn ut at personlegdom har ein del å seia, men at reaksjonsmønsteret vårt likevel ikkje er hogge i stein. Dei aller fleste av oss kan få bukt med skrivefeilirritasjonen, berre me går inn for det.

Kontaktinformasjon til Fridtun: kristin.fridtun@gmail.com mobil: 905 68 741 

Kristin Fridtun (f. 1987) frå Elverum er utdanna filolog, bur på Lillehammer og er forfattar
på heiltid. Ho har skrive fleire bøker om språk, som Norsk etymologisk oppkok (2012), Nynorsk for dumskallar (2013) og Språket er ei bukse (2019). Fridtun vann Bokhandelens sakprosapris i 2016 og Språkprisen i 2019.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO