Nyhet -

Meir til vedlikehald på jernbanen

- Forseinkingane og vanskane i togtrafikken i vinter har vist at det er naudsynt å framskunda vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Som eit første steg foreslår regjeringa ei tilleggsløyving på 210 millionar kroner, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa. I tillegg vil førebyggjande vedlikehald bli auka med ytterlegare om lag 200 millionar kroner gjennom overføringar frå 2009 og omdisponeringar innan drift, vedlikehald og investeringar.

Det vert såleis rom for mellom anna:

  • 70 millionar kroner til førebuing av arbeid med å reinse ballast (pukklaget under skinner og sviller) på Bergens-, Dovre- og Østfoldbanen
  • 50 millionar kroner til vedlikehald på Bergensbanen. Midlane skal nyttast til fornying av spor, ballastreinsing og førebuande vedlikehald
  • 50 millionar kroner til fornying av spor på Dovrebanen
  • 20 millionar kroner til fornying av kontaktleidning på Dovrebanen
  • 25 millionar kroner til ballastreinsing på Østfoldbanen
  • 15 millionar kroner til fornying av publikumsområde
  • 10 millionar kroner til fornying av fiberkabel i utstyr som blir nytta til publikumsinformasjon
  • 20 millionar kroner til fornying av bruer

Av midlane til auka vedlikehald er 50 millionar kroner  foreslått dekt ved ei omdisponering av midlar som gjeld utbygging. Desse midlane er tidlegare sette av til prosjektet ”Dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen”. Prosjektet er mellombels stansa, mellom anna på grunn av mangel på signalfagleg kompetanse i Jernbaneverket.

Det vert også sett av 64 millionar kroner til planlegging av dobbeltsporet Oslo – Ski.

For fleire opplysningar: Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010

Emner

  • Infrastruktur, kommunikasjon