Nyhet -
43 tidsskrift har meldt seg til ordninga Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap
15. juni 2020 var det frist for innmelding til ordninga Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Unit tok imot 43 innmeldingar frå tidsskrift som ønsker å vere del av ordninga.
Innmeldinga vart sett i verk etter at regjeringa kunngjorde i ei pressemelding 15. mai 2020 at dei støtter ei vidareføring av ordninga, som har laupt sidan 2018.
Les pressemelding: Regjeringen satser på åpne norskspråklige tidsskrifter.
Ordninga er forankra i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge, og formålet med ho er at den opne publiseringa på norsk innan humaniora og samfunnsvitskap skal bli godt kvalitetssikra. Målet kan oppsummerast som tredelt og omfattar høg kvalitet, norsk språk og open tilgang.
Støtta er altså språkpolitisk forankra og skal gå til tidsskrift av høg kvalitet som blir vurderte som sentrale innan fagområda sine.
Unit er nasjonal koordinator for open tilgang og administrerer ordninga i samarbeid med Universitets- og høgskolerådet og Forskingsrådet. Alle tidsskrift som oppfylte dei formelle krava kunne melde seg til vurdering, som blir gjort av ein fagleg publiseringskomité. Komitéen vil etter planen kome saman medio august for å prioritere tidsskrifta.
Tal på tidsskrift som vil få støtte i komande periode vil vere avhengig av støttebeløp for det einskilde tidsskriftet og totalt støttebeløp som vil vere til rådvelde.
Evaluering for 2018-2020
Unit administrerte ordninga frå 2018 til og med 2020, og har evaluert ordninga for denne perioden.
Konklusjonen er at ordninga har vore vellukka, noko som òg er reflektert i regjeringa sitt ønske om å vidareføre og moglegvis styrke ho. Innspela frå fagmiljøa som vart spurte i forbindelse med evalueringa tyder på at det er høgt medvit om open tilgang, og nedlastingstala som er tilgjengelege viser sterk auke etter omlegging til open tilgang. Det er dei mest sentrale tidsskrifta som er valt ut, og mange peiker på den store samfunnsnytta som ligg i at forskingsresultata no når langt utover akademia.
Du finn rapport og samandrag her: Evaluering av ordningen Norske åpne tidsskrift innenfor humaniora og samfunnsvitenskap
Les meir på openaccess.no: Norske åpne tidsskrift innen humaniora og samfunnsvitenskap.