Pressemelding -
Gjennombrot i arbeidet med open publisering: Unit inngår avtale med Taylor & Francis
Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking inngår avtale om open tilgang og publisering med Taylor & Francis. Avtalen er forhandla fram i samarbeid med og på vegner av norske forskingsinstitusjonar. Dermed har Unit nådd målet om å gi norske forskarar høve til å publisere ope hos dei fire største utgivarane av forskingslitteratur.
Noreg er eit føregangsland i forhandlingar om open tilgang der målet er at enklare og betre tilgang til forsking vil skape verdi i forskingsmiljøa og for samfunnet elles.
Bygger på prinsippa om open tilgang
Også avtalen med Taylor & Francis bygger på prinsippa for avtalar med open tilgang. Det innebærer mellom anna at forskarar kan publisere ope utan ekstra kostnad, samstundes som full lesetilgang ved forskingsinstitusjonen blir ivaretatt. Dei same prinsippa ligg til grunn for avtalane som er inngått med Elsevier, Wiley og Springer Nature.
Open tilgang vil gjere kvardagen enklare for norske forskarar
Dei fire avtalane som no er forhandla fram vil bidra til ein enklare kvardag for norske forskarar. Avtalene gir høve til å publisere ope i et stort tal tidsskrift frå anerkjente utgivarar. Det gjer òg at ein stadig aukande del av norsk forsking blir internasjonalt ope tilgjengeleg og kan lesast av eit stort publikum.
- Vi er veldig glade for å ha fått i havn avtalar med dei fire største utgivarane. Dette er ein viktig milestolpe i arbeidet for å nå målet om full open tilgang til norsk forsking, seier Roar Olsen, direktør i Unit.
Samarbeid om avtalar gir forhandlingsmakt
Unit forhandlar på vegner av norske forskingsinstitusjonar. Forhandlingane med Taylor & Francis har inkludert bibliotekleiarer og rektorar ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB), og UiT – Noregs arktiske universitet. Dei er heilt sentrale bidragsytarar som gir tyngd og fagleg støtte i forhandlingane, og samarbeidet med sektoren dannar eit fundament for Unit sin forhandlingsposisjon også i framtida. Det vil vere til hjelp i å nå målet om open tilgang til forskingslitteratur både i form av nye avtalar og framtidige reforhandlingar.
Sjå òg pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet og Noregs forskingsråd.
Emner
Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking har som oppgåve å følge opp strategiar og retningsliner for høgare utdanning og forsking fastsett av Kunnskapsdepartementet. Unit skal vidareutvikle initiativ frå universitets- og høgskulesektoren, forskingssektoren og andre relevante aktørar. Unit har hovudkontor i Teknobyen i Trondheim og avdelingskontor i Fridtjof Nansens gate i Oslo.