Pressemelding -
Ny katalog gir skulane betre oversikt over digitale læremiddel
Torsdag lanserte Sikt og Utdanningsdirektoratet (Udir) ei ny teneste, Læremiddelkatalogen, som skal gjere det enklare for skuleeigarar og lærarar å få oversikt over digitale læremiddel. Tenesta er den første i sitt slag i Noreg, og gir brukarane høve til å søkje etter læremiddel basert på fag, språk og klassetrinn.
– Vi er svært stolte av å lansere Læremiddelkatalogen. Dette er eit viktig steg i satsinga vår på å støtte lærarar og skuleeigarar i ein stadig meir digital kvardag, seier Sikt-direktør Terje Mørland. – Målet vårt er å spare lærarane for tid og arbeid, slik at dei i større grad kan konsentrere seg om det viktigaste – nemleg undervisninga.
Det vi lanserer no er første versjon av Læremiddelkatalogen. Framover skal vi vidareutvikle henne, mellom anna å gjere det enklare å velje digitale læremiddel som er gode og trygge val òg for personvernet til elevane.
Forenkling for lærarar
Fram til no har det ikkje eksistert ei komplett oversikt over digitale læremiddel, og lærarar har opplevd det som utfordrande å finne ressursar som er tilpassa undervisningsbehova deira.
– Det kan vere vanskeleg å både finne og halde oversikt over digitale læremiddel. Det er ein jungel av læremiddel der ute, seier Marianne Ødegård, lærer på Fosslia skule.
Marianne får støtte frå Ingunn Buan og Nora Almestad Stene, som underviser ved Ole Vig vidaregåande skule. Dei peikar på at det ofte tek mykje tid å leite etter ressursar – tid dei helst skulle brukt på undervisninga, i staden for å famle litt i blinde og prøve ut ting som kanskje ikkje fungerer.
– Ei komplett oversikt over ulike ressursar ville gjort kvardagen min enklare, avsluttar Nora.
Utvikla i tett samarbeid med brukarane
Sikt og Udir utviklar Læremiddelkatalogen i tett samarbeid med lærarar og skuleeigarar. Katalogen skal vere eit brukarvennleg verktøy som gjer det enkelt å finne læremiddel tilpassa ulike behov.
– Dette er berre ein første versjon av Læremiddelkatalogen. Vi jobbar med å leggje til endå fleire tenester og læremiddel, slik at lærarane og skuleeigarane får ei endå betre oversikt over kva som finst i Noreg. I tillegg jobbar vi med å gjere det tydelegare kva for nokre digitale læremiddel som oppfyller lovkrav rundt personvern, seier produktleiar Ingrid Amelia Bruholt i Sikt.
Related links
Emner
Kategorier
Sikt utvikler, anskaffer og leverer tjenester til utdanning og forskning. I samspill med våre brukere og kunder skal vi tilby en felles infrastruktur for kunnskapssektoren som gir en smidigere hverdag, og som oppfyller overordnete mål om digitalisering, datadeling og åpen forskning.
Sikt har hovedkontor i Trondheim, og kontorsteder i Bergen og Oslo.