Pressemelding -
Samarbeider for å styrke studentmiljøet i Ålesund
NTNU og Studentsamskipnaden har inngått ein avtale om eit toårig samarbeidsprosjekt, som skal arbeide for å betre studiemiljøet og auke trivselen blant studentar i Ålesund.
Med sin nære tilknyting til studentane, har NTNU og Sit (Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim) eit viktig felles ansvar for å leggje til rette for studentane si trivsel og læringsmiljø.
Nyleg besøkte Sit-styret Ålesund og hadde i det høve lagt styremøtet sitt til byen. På sakskartet stod også ei formalisering og underteikning av samarbeidsavtalen med NTNU i Ålesund.
- Ein fantastisk moglegheit
– "Dette samarbeidsprosjektet mellom NTNU og Sit representerer ein fantastisk moglegheit til å forbetre studiemiljøet i Ålesund. Vi er svært optimistiske og ser fram til å skape ei meir inkluderande og engasjerande oppleving for alle studentar," forklarer viserektor ved NTNU i Ålesund, Anne-Lise Sagen Major.
Saman med administrerande direktør i Studentsamskipnaden, Morten Wolden, underteikna dei avtalen som skal sikre aktivitet rundt studentmiljøet ved universitetet i byen. Prosjektet har mellom anna som mål å auke omdøme til Ålesund som ein attraktiv studentby, og bidra til at fleire studentar blir verande i byen etter ende studiar. Blant dei definerte oppgåvene er å styrke Fadderordninga og integreringa av nye studentar, samt å utvikle samarbeidet og kommunikasjonen mellom NTNU og Sit. Sistnemnde spesielt retta mot leiing og institutta.
–Det skjer allereie mykje spennande i Ålesund, og Sit jobbar tett med NTNU for å styrkje studentvelferda, der studentane sjølve er motorar og pådrivarar i utviklinga. Saman med NTNU, kommunen og næringslivet ser vi eit stort potensial for å vidareutvikle Ålesund som ein attraktiv studie- og kunnskapsby. Denne nye samarbeidsavtalen gir oss ei endå sterkare plattform for å skape gode tilbod og moglegheiter for studentane, og vi gler oss til å halde fram med dette viktige arbeidet, seier administrerande direktør i Sit, Morten Wolden.
Trivselstiltak
Vidare heiter det i avtaleteksten at prosjektet skal bidra til samskaping ved å involvere studentar, tilsette og lokale interessentar i utviklinga av trivselstiltak. Det vil også samhandle med det lokale økosystemet for utdanning, kultur og næringsliv, for å utvikle ei heilskapleg oppleving for studentane.
Over 230 personar var samla for å heidre den enorme innsatsen i studentfrivillinga i byen under frivilligheitsgallaen sist fredag. Dette er eit framifrå eksempel på samarbeid mellom Sit og NTNU. Foto: Ole-Martin Sæthermoen/Memoria.
Ein annan viktig del av prosjektet er å aktivt samarbeide med studentfrivilligheita og Sit, for å engasjere fleire studentar i ulike frivillige aktivitetar. Prosjektet vil også arbeide for at fleire aktørar bidrar til finansieringa, samt auke synlegheita av studentfrivilligheita og linjeforeiningar.
Gjennomslagskraftig
For å sikre at fleire studentar gjennomfører studieprogrammet blir verande i Ålesund etter endte studiar, vil prosjektet arbeide for å etablere obligatoriske tiltak for sosial og fagleg integrasjon i læringsmiljøa. Det vil også arbeide for ei tydeleggjering av Læringsmiljøutvalet i Ålesund for å skape eit operasjonelt og gjennomslagskraftig samarbeidsorgan.
– "Ved å styrke integreringa av nye studentar og samarbeide tett med lokale aktørar, er vi overtydde om at vi kan auke trivselen og omdømmet til Ålesund som ein attraktiv studentby. Dette prosjektet vil bidra til at fleire studentar fullfører studia sine på normert tid og vel å bli verande i byen etter fullført utdanning," legg Kari Hellebust Buvarp til. Buvarp er prosjektleiar ved NTNU i Ålesund med spesielt ansvar for fadderordninga og studentfrivilligheita, og skal sørge for at målsettinga i avtalen blir gjennomførte saman med Sit.
Prosjektet blir finansiert med ein 50/50 kostnadsdeling mellom Sit og NTNU, noko som betyr at begge partar forpliktar seg til å bidra med like delar av prosjektets totale budsjett.
Felles pressemelding frå NTNU og Sit, av Børge Freddy Sandnes / NTNU
Emner
Kategorier
Regions
Sit er studentsamskipnaden for studenter i Trondheim, Ålesund og Gjøvik. Vi er en ideell og studentstyrt organisasjon, med mål om å skape en trygg og velfungerende studiehverdag. Vi jobber for at studentene skal trives, oppleve støtte og mestring, og at flere ønsker å studere i våre tre byer.