Pressemelding -

Statsministeren til Vestlandet 19. mai

Priv. til red.:

Statsministeren, kunnskapsministeren og kommunal- og regionalministeren besøkjer Sogn og Fjordane og Hordaland onsdag 19. mai, som ein del av prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.

Besøket startar på oljebasen i Florø, etterfulgt av Hardbakke i Solund og Bergen. I Bergen deltek også statsråden ved Statsministerens kontor og
barne-, inkluderings- og likestillingsministeren.

Program for dagen:
Kl. 10.00: Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete besøkjer Saga Fjordbase i Florø. Det blir felles busstransport til basen, med avreise frå Fugleskjærskaia. Oppmøte for pressefolk på Fugleskjærskaia kl. 09.20.

Etter omvisinga på oljebasen går følgjet om bord i ein båt som transporterer dei vidare til Solund og Bergen. Presse som ønskjer å følgja båten kan kontakta smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 18. mai kl. 12.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 12.30: Besøk til Hardbakke i Solund kommune. Stoltenberg, Halvorsen og Navarsete besøkjer blant anna ungdomsskulen på Hardbakke, før dei inviterer til samråd om regional innovasjon og verdiskaping. Samrådet går føre seg på båten, på veg til Bergen. Deltakarane i samrådet er:

  • Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund
  • Marta Bjarnhiddotter Myhr, ungdomsrådsleder i Solund
  • Tom Færøy, Nord-Solund Fiskeriselskap
  • Njål og Linn Wilberg, Ask Adam
  • Johnny Haugsbakk, Elis AS
  • Svein Arild Vatsø, kulturgründer
  • Jørn Mikalsen, VideoNor

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker i Kommunal- og regionaldepartementet, telefon 992 07 708.

I Bergen vil statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken besøkja bedriftene Tide Buss og Radisson Blu Hotel Norge. Me kjem tilbake til detaljane i dette programmet.

Kl. 15.00: Båten legg til kai ved Zachariasbryggen i Bergen.

Kl. 15.30: Statsministeren er vert for ei mottaking i Grieghallen i Bergen, der representantar for skule, arbeidsliv, politikk og næringsliv er inviterte. Sentrale utfordringar under temaet ”Samarbeid for arbeid” vil bli diskuterte. Arrangementet er ope for presse.

Pressekontaktar

For statsminister Jens Stoltenberg:
kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen:
statssekretær Roger Sandum, telefon 932 55 954.

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete:
kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker, telefon 992 07 708.

For statsråd Karl Eirik Schjøtt-Pedersen:
kommunikasjonsrådgjevar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.

For barne-, inkluderings- og likestillingsministeren:
kommunikasjonssjef Maria Brit Espinoza, telefon 915 59 673.

Emner

  • Politikk