Pressemelding -

Statsministerens program veke 20

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 19. mai:
Statsministeren, kunnskapsministeren og kommunal- og regionalministeren besøkjer Sogn og Fjordane og Hordaland onsdag 19. mai, som ein del av prosjektet ”Samarbeid for arbeid”. Me viser til pressemeldinga om besøket.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Torsdag 20. mai:
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på Nordisk Globaliseringsforum i Snekkersten i Danmark. Tema for møtet er Nordens veg ut av den økonomiske krisa, med fokus på grøn vekst. Frå Noreg deltek også adm. dir. Helge Lund i Statoil og adm. dir. Per Otto Vold i Point Carbon. Vertskap for møtet er Danmarks statsminister Lars Løkke Rasmussen og generalsekretær for Nordisk ministerråd, Halldór Ásgrímsson.

Kl. 17.30 blir det ein felles pressekonferanse med dei nordiske statsministrane.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Fredag 21. mai:
Statsministeren deltek på det uformelle sommarmøtet til dei nordiske statsministrane, på Marienborg utanfor København. Statsministrane møtest årleg for å diskutera nordiske, europeiske og internasjonale spørsmål. I år vil dei blant anna diskutera den økonomiske situasjonen i Europa, samt klimaspørsmål.

Statsministrane har eit felles pressemøte på Marienborg kl. 11.30.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Emner

  • Politikk