Gå videre til innhold
Kunstnerhusets fond - utlysning av prosjektstøtte 2021-2022

Blogginnlegg -

Kunstnerhusets fond - utlysning av prosjektstøtte 2021-2022

Utlysing av kr. 100.000 i prosjektstøtte for 2021-2022

For 2021 skal det, for tredje år på rad, delast ut inntil kr. 100.000 frå Kunstnerhusets fond.

Fondet har sin bakgrunn i at Kunstnerhusets forening på Gvarv i Telemark blei lagt ned og seld. Huset var i mange år ein møteplass for kunstnarar og kunstinteresserte, med aktivitetar og utstillingar. Her møttest biletkunst, kunsthandverk, musikk og litteratur, ofte i samarbeid på tvers av fagområda.

Styret i Kunstnerhusets fond vil med dette invitere kunstnarar innanfor eit vidt felt, til å søkje om middel frå fondet. Vi ønskjer frie rammer for kva det kan søkjast om, som eksempel kan nemnast utstillingar, performance, land-art, konsertar, bokprosjekt eller workshop. Vi oppfordrar til samarbeidsprosjekt, gjerne på tvers av ulike kunstformer.

Prosjekta må vere nye, gjerne også nyskapande. Vilkår for tildeling frå fondet er at prosjektet blir ferdigstilt innan utgangen av 2022, og presentert innanfor grensene til Midt-Telemark kommune. Det er eit mål for fondet at prosjekta skal bidra til aktivitet lokalt, men søkjaren treng ikkje sjølv ha bakgrunn i området.

Styret ønskjer primært å støtte ein enkelt søknad med inntil kr. 100.000,-, men det kan også bli aktuelt å dele totalsummen på fleire mindre prosjekt.

Ved søknadsomgangen i 2019 blei det delt ut kr. 100.000,- i prosjektstøtte til bildekunstnaren Morten Slettemeås. I 2020 gjekk prosjektstøtta til komponisten Jo David Meyer Lysne.

Søknaden må innehalde: Prosjektskisse med budsjett og arbeidsplan, CV/referansar, eventuelt web-sider.

For spørsmål. ta kontakt med:
Solveig Svardal, mobil 901 80 594, e-post svardal@mac.com
Arne Svalastog, mobil 906 52 901, e-post arnesvalastog@gmail.com

Søknad sendast til Kunsterhusets fond v/Solveig Svardal. Fondet ønskjer helst søknad på e-post: svardal@mac.com, evt på papir til Solveig Svardal, Gamlegata 14, 3810 Gvarv.

Søknadsfrist: 1. mai 2021.

Related links

Emner

Regions

Kontakter