Gå videre til innhold
Foto: Shutterstock
Foto: Shutterstock

Pressemelding -

Hovudopptaket til fagskolar 2021

Årets opptakstal for høgare yrkesfagleg utdanning er no klare. Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking har sendt ut tilbod om studieplass ved fagskolar til 8 074 søkarar. Dette er ein auke i antal tilbod på 34,5 % frå fjorårets fagskoleopptak.

12 762 personar søkte opptak til høgare yrkesfagleg utdanning i år. Blant dei 8 074 som får tilbod om studieplass får 7 098 (87,9 %) tilbod på det høgast prioriterte studieønsket sitt.

10 683 av søkarane (83,7 %) er kvalifiserte til opptak på minst eitt av søknadsalternativa sine. Det er 3 161 (42 %) fleire kvalifiserte søkarar i år samanlikna med i fjor. I 2020 søkte 9 319 personar opptak, og 7 522 (80,7 %) av dei var kvalifiserte til eitt eller fleire studium.

2021 er andre året i rekka med fagskoleopptak gjennom Samordna opptak. I årets opptak lyste 27 fagskolar ut 13 170 studieplassar fordelt på 494 studietilbod. Dette er ein stor auke frå i fjor, da vart det lyst ut 8 817 studieplassar fordelt på 318 studietilbod, altså ein 49,4 % auke i antal studieplassar.

"I meir enn 25 år har det vore mogleg å søke ei rekke ulike studium ved universitet og høgskolar gjennom éin samla søknad til Samordna opptak. No får fagskolesøkarane dei same fordelane med betre oversikt, forenkla søknadsprosess og meir effektiv saksbehandling. Det er vi i Unit stolte av å tilby til søkarane i samarbeid med fagskolane, og vi er fornøgde med at over 3000 fleire får tilbod i årets fagskoleopptak", seier Terje Mørland, direktør for utdanningstenester i Unit.

Av 8 074 søkarar med tilbod om studieplass i hovudopptaket er 2 909 kvinner og 5 165 menn. Dette utgjer ein kvinneandel på 36,0 %. I 2020 var kvinneandelen 29,9 %.

Snittalderen blant søkarar med tilbod om studieplass ligg på 30,7 år, dette er noko høgare enn i fjor da gjennomsnittsalderen var 29,6 år.

Teknologiske fag og helsefag størst også i år, økonomi og administrasjon aukar mest

Det er gitt flest tilbod om studieplass til utdanningsområda teknologiske fag (4092 tilbod) og helsefag (2 020 tilbod) i år. Dette utgjer høvesvis 50,7 % og 25 % av alle tilbod som vart gitt i årets hovudopptak til fagskolar. Teknologiske fag og helsefag er òg dei største utdanningsområda i antal utlyste studieplassar (5 877 på teknologiske fag og 4 052 på helsefag).

Størst auke i antal studieplassar og studietilbod frå i fjor ser vi på utdanningsområdet økonomisk-administrative fag. I år vart det lyst ut 1 179 studieplassar innan økonomi og administrasjon (ei seksdobling frå fjorårets 180 studieplassar), og det vart gitt 659 tilbod om studieplass (mot 110 i fjor). Dette utgjer 8,5 % av alle tilbod som er gitt.

Dei resterande 16 % av søkarane med tilbod er fordelt på utdanningsområda informasjonsteknologi (5,6 %), estetiske fag (2,7 %), land- og havbruk (2,6 %), pedagogiske fag (2 %), matfag (1,5 %), reiseliv (1,2 %) og mediefag (0,4 %).

Svarfrist i hovudopptaket for fagskolar

Søkarane fekk tilbod om studieplass 19. mai, og har frist innan utgangen av torsdag 27. mai med å svare på www.samordnaopptak.no.

Ledige studieplassar og suppleringsopptak til fagskolar

Etter hovudopptaket er det enno fagskolar som har ledige studieplassar.

Måndag 24. mai vart det lagt ut oversikt over ledige studieplassar til meir enn 250 studium ved fagskolar på Samordna opptak sine heimesider. Oversikten over studiar med ledige studieplassar er dynamisk. Søkarar må vere kvalifiserte for å få tilbod om plass, og det er laupande opptak.

Det første suppleringsopptaket blir gjennomført tidleg i juni. Deretter gjennomførast nye vekentlege suppleringsopptak fram til august-september 2021.

Kontakt Samordna opptak

Meir informasjon om søking til fagskolar får du ved å kontakte fagskolane direkte.

Statistikk og faktanotat for hovudopptaket til fagskolane 2021 publiserast klokka 11.00 torsdag 27. mai på Samordna opptak sine nettsider. I faktanotatet frå Samordna opptak finn du utfyllande informasjon og tal frå hovudopptaket for fagskolar i 2021.

Emner


Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning har som oppgave å følge opp strategier og retningslinjer for høyere utdanning og forskning fastsatt av Kunnskapsdepartementet.

Unit er leverandør av en rekke fellestjenester til forskning og høyere utdanning, og skal videreutvikle initiativer fra universitets- og høyskolesektoren, forskningssektoren og andre relevante aktører. Unit har hovedkontor i Teknobyen i Trondheim og avdelingskontor i Fridtjof Nansens vei i Oslo.

Pressekontakt

Åshild Berg-Tesdal

Åshild Berg-Tesdal

Pressekontakt Kommunikasjonssjef Unit 91139271

Relaterte nyheter

Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning

Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning har som oppgave å følge opp strategier og retningslinjer for høyere utdanning og forskning fastsatt av Kunnskapsdepartementet.

Unit er leverandør av en rekke fellestjenester til forskning og høyere utdanning, og skal videreutvikle initiativer fra universitets- og høyskolesektoren, forskningssektoren og andre relevante aktører. Unit har hovedkontor i Teknobyen i Trondheim og avdelingskontor i Fridtjof Nansens vei i Oslo.

Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning
Abels gate 5A
7030 TRONDHEIM
Norge